Betre bilete
med smarttelefonen

Kva er ditt beste kamera? Det er det kameraet du har med deg. Kameraet som ligg att heime, tel ikkje når motivet brått er der. Mobilen derimot har du alltid med deg.

Terje Skåre Terje Skåre

Frå leiketøy til verktøy

Det som for få år sidan berre var eit ”leiketøy”, har no modnast til å bli eit ”verktøy”. Med ein stor og klår skjerm er det lett å vurdere bileta, og med eit tastetrykk er dei delte med vener og familie.

Sjølvsagt kan eit spegelreflekskamera servere betre teknisk biletkvalitet enn ein mobiltelefon. Mobilkameraet har sine avgrensingar, spesielt i svakt lys, då det blir ein del grums. Ein kan heller ikkje få til ein uskarp bakgrunn i eit bilete om ein skulle ynskje det. Men kvaliteten på dagens smarttelefonar har blitt så bra at ein under normale forhold kan ta teknisk sett veldig gode bilete. Oppløysinga er også så stor at ein kan lage store forstørringar av bileta om ein vil det.

Fotografen er viktigast

Men gode bilete handlar om meir enn teknikk. Den aller viktigaste ressursen når ein tek eit bilete, er alltid fotografen sjølv. Uansett handlar det om å sjå og om å formidle det ein ser – om å visualisere. Det handlar om lys, om komposisjon, om å fange augneblinken. Og alt dette er heilt uavhengig av kamera.

Her kjem nokre kommentarar til bileta og nokre enkle tips. Eit par av bileta er døme på ting som ikkje fungerer så godt, samanlikna med dei andre bileta der eg har vore meir fokusert som fotograf.

Panorering – hestebilete

Det første biletet eg tok, blei uskarpt. Svakt lys i hallen gjer at det blir lang lukkartid, slik at hest og ryttar blir uskarpe på grunn av farten. Elles er ikkje lyset spesielt vakkert på hesten her. Begge desse to sidene ved biletet har forbetringspotensial.

  1. Eg vel å panorere – altså å følgje hesten med kamera når eg ”trykkjer på knappen”. Er eg heldig, blir hovudet og kroppen til hesten då rimeleg skarpe, medan bakgrunnen no blir uskarp fordi eg rører på kameraet. Beina blir også uskarpe fordi dei går i utakt med kroppen. På denne måten får eg flytta ”fokus” over på hesten. Dette framhevar hesten endå betre som interessepunkt eller hovudmotiv i biletet, samstundes som det gjev ein sterkare følelse av fart.
  2. Ver bevisst på lyset. Då hesten sprang rundt i hallen, såg eg at det stort sett fall eit dødt lys på han frå taklampane, bortsett frå når han var på ein bestemt stad. Der kom det eit litt sterkare og blåaktig lys inn gjennom ein stor port som stod open i enden av hallen. Det glinsa så fint i kroppen når han trava forbi akkurat der. Det sterkare lyset gav spennande fargekontrastar.

Lys og komposisjon – gut ved elv

På det dårlege biletet er ikkje lyset spesielt spennande, posituren er dårleg, og linjene i biletet gjev ein dårleg komposisjon. Biletet blir kjedeleg. Dei andre bileta har eit mykje finare lys. Fine fargar og mønster i vatnet gjev meir liv i bileta. Saman med ein medviten bruk av linjer og flater gjev dette ein mykje betre komposisjon, og det blir skapt djupn innover i landskapet. I tillegg er posituren til guten mykje betre: ein artig svairygg på det eine, energi i det andre, der armane i tillegg er samanfallande med elva sine former, og det siste har ei naturleg ro over seg. Her fell i tillegg lyset vakkert inn og modellerer ansikt og kropp.

Også dei andre bileta eg her viser, har eg teke med smarttelefonen min, og der har eg tenkt på lys og komposisjon.

Haustlauv:

Då eg steig av trikken her ein dag, trakka eg bokstaveleg talt rett i motivet – sølepyttar med fargerikt haustlauv krydra med skumdottar. Motivet var der, eg var der, og mobilen var der. Brått var det det gått ein halvtime, og ”lowbattery” lyste mot meg frå skjermen. Men dagen var alt redda! Eg hadde leika og kosa meg lenge. Gå ut og finn dine sølepyttar og andre motiv. Ver ”bevisst i gjerningsaugneblinken”, så blir bileta dine endå betre!

Lukke til!
Fotograf Terje Skåre

Vis kommentarer

Fotoappar for smarttelefon

foto-apper

Ei rekkje fotoappar kan også brukast på spennande måtar. Som Hipstamatic med sitt kvadratiske format, og ulike rammer og effektar å velje mellom. Ein får eit litt røft uttrykk og kan skape ei utruleg fin stemning og eit ”kunstarisk preg” med desse effektane. Med nokre appar kan ein velje separate punkt i biletet der fokusering og lysmåling skal skje, og det gjev større kontroll over resultatet. Vidare finst det biletbehandlingsfunksjonar der ein kan justere heile biletet eller berre delar av det. Camera+ er eksempel på ein slik app.