Casper Ruud: – Vil bli best i verda

Det norske tennistalentet siktar høgt og fryktar ingen.

Tennis har alltid vore ein sentral del av livet til 18 år gamle Casper Ruud. Allereie som treåring opplevde han kjensla av å halde i ein racket og slå ballar. Kanskje ikkje så rart når faren heiter Christian Ruud og var rangert som den 39. beste tennisspelaren i verda? Ein prestasjon Casper ubeskjedent fortel at han vil slå.

– Eg vil bli nummer éin og best i verda, seier Casper Ruud til Faktafyk.

– Det er store ord frå ein gut frå Noreg innan tennisverda, men eg er ikkje redd for å seie at eg har lyst til å bli best. Om eg klarer det, er ei anna sak. Det er ikkje sikkert eg blir blant dei hundre beste eingong, men eg skal prøve så godt eg kan, legg han til.

Vann ATP Challenge

Ved starten av fjoråret blei Casper ranka som beste junior i verda. Ti månader seinare låg han som nummer 233 på ATP-rankinga til det internasjonale forbundet for mannlege profesjonelle tennisspelarar (Association of Tennis Professionals). Det er langt fram, og ungguten veit svært godt kva som må til for å nærme seg toppen.

– Mykje trening, det er i alle fall sikkert. Eg må trene nok, kvile nok og ete nok. Dessutan er det viktig å ha eit bra team med dyktige trenar, fysioterapeut, manager og agent. Det er mange forskjellig ting som må stemme for å lykkast, seier han.

Gjennombrotet kom for alvor då Snarøya-spelaren i september 2016 vann ATP Challenge i Sevilla i Spania. I finalen sigra han over Taro Daniel frå Japan, som er ranka som nummer hundre i verda.

– Det var stort å vinne den turneringa. Då fekk eg vist at eg har potensial til å spele bra og vinne kampar på eit høgt nivå. Eg skjelv ikkje i buksene når eg møter motstandarar som er rekna for å vere betre enn meg, seier Casper.

Trass i sin unge alder har han allereie ei god merittliste å vise til. Som 15-åring blei Casper noregsmeister for herrar, og året før kom han til finalen i EM for spelarar under 14 år. Det var då Christian skjønte at sonen var eit talent utanom det vanlege.

– Då tenkte eg at han har noko spesielt og kan nå langt. Han kan bli blant dei hundre beste. Kanskje til og med topp ti om alt går riktig for seg, seier han.

Den tidlegare tennisstjerna er likevel oppteken av at sonen skal halde fram med å utvikle seg både som spelar og som menneske.

– Spelemessig gjeld det fysikk og fart og serve og retur. Som menneske blir det viktig at han tek til seg ny lærdom, viser respekt og er audmjuk overfor alle menneske han møter på ferda.

_16_3699 Casper Ruud highres

VIL INSPIRERE: CASPER RUUD HÅPER HANS SUKSESS KAN BETY LIKE MYKJE FOR REKRUTTERINGA TIL TENNISSPORTEN SOM THOR HUSHOVDS SUKSESS GJORDE FOR SYKLING.

Må ofre andre ting

Då Casper var yngre, spelte han også fotball og bandy. Då han var i elleveårsalderen, tok tennis heilt over. Sidan då har livet hans ikkje dreidd seg om anna.

– På barneskulen trena eg etter skulen og i helgane med pappa. Eg syntest det var gøy å spele, og merka at eg stadig blei betre. Dei siste fem åra har eg vore tennisspelar meir eller mindre på heiltid, seier han.

Tennissesongen strekkjer seg frå januar til november. For Casper betyr det 250 reisedøgn i året og derfor lite tid til andre ting enn idrett.

– Eg er stort sett på farten ti månader i året for å trene og spele turneringar. Det betyr at eg må ofre noko og går glipp av ting som andre ungdommar får oppleve. Samtidig får eg jo andre opplevingar, seier han og understrekar:
– Det blir nok ikkje noka russefeiring på meg, for å seie det sånn. Då er eg midt i sesongen. Kanskje eg får ein dag eller to på ein russebuss. Vi får sjå, eg har ingen planar.

18-åringen har uansett tenkt å gjere seg ferdig med vidaregåande skule dette året.

– Det er viktig for meg å fullføre skulegangen. Eg har med lærebøker og lekseplanar på reiser og får god støtte frå skulen. Det er ikkje alltid like lett å setje seg ned med lekser mellom treningar og kampar. Eg må vere strukturert for å få det til, seier han.

Er veldig fokusert

Struktur og disiplin er viktig for tennisspelaren. Ein vanleg dag startar med frukost, før ei treningsøkt på to timar. Deretter går det slag i slag.

– Eg trenar mykje med racket og ball, men også ein del styrke og fart. Eg startar som regel med styrketrening og tennis på morgonen. Så er det lunsj og litt avslapping før neste økt. Eg speler mykje i Spania, og der har dei siesta. Då prøver eg å få tid til litt skulearbeid, seier han.

– På ettermiddagen trenar eg i to og ein halv time. Etterpå tøyer eg ut og roar ned kroppen for å gjere meg klar til ein ny dag. Eg ser også ein del TV-seriar og snakkar ofte med familien heime i Noreg på kveldane, held han fram.

På kampdagar har han ein litt annan rutine. Etter ei lett oppvarming på morgonen prøver han å finne den gode kjensla og førebu seg på det som seinare skal skje på banen.

– Eg er veldig fokusert før og under kampar. Prøver å finne mi eiga sone der det flyt. Eg merkar det jo når eg speler bra, når alt stemmer. Då sit servar, returar og slag. Då stemmer rørslene. Det er moro når du kjenner det, seier han og understrekar kor viktig det er å halde konsentrasjonen oppe:

– I tennis speler du på poeng, ikkje på tid. Ingenting er avgjort uansett kva resultatet er. Du kan liggje under, motstandaren kan vere eitt poeng frå å vinne kampen, men det kan likevel snu. Ein kamp kan vare i fleire timar. Derfor er det viktig å vere mentalt sterk òg.

VIL INSPIRERE: Casper Ruud håper han suksess kan bety like mykje for rekrutteringa til tennissporten som det Thor Hushovds suksess gjorde for sykling.


Lærer av de beste

Førebiletet til Casper er den spanske tennisspelaren Rafael Nadal, men han har også sansen for sveitsaren Roger Federer.

– Det er spelarar eg ser opp til, og som eg har følgt lenge. Eg held ein knapp på Nadal, men Federer er ein legendarisk spelar og er kul både på og utanfor banen.

Nadals respektløyse var likevel det som inspirerte den unge nordmannen aller mest då han på TV-skjermen heime i Bærum såg spanjolen herje med meir rutinerte spelarar.

– Eg digga at Nadal var ung då han slo igjennom. Han var vill og vann mot dei beste. Eg likte korleis han kjempa og kriga seg inn kampar. Nadal har ein ekstrem stil. Slår hardt, har god teknikk og er sterk både fysisk og mentalt.

Sjølv vil Casper bli ein nærmast perfekt spelar på alle område.

– Eg utviklar meg heile tida og prøver å lære av dei beste. Novak Djokovic frå Serbia, som toppar rankinga no, er for eksempel den ultimate spelaren. Han er god til det meste, har ein heil pakke. Det er også mitt mål.

Caspers sterke sider er ifølgje han sjølv harde slag og ein aggressiv stil.

– Forehand er yndlingsslaget mitt. I det siste har eg jobba mykje med å utvikle backhand. Der må eg opp på eit høgare nivå.

For ungdommar som vil bli gode i tennis, andre idrettar eller kva anna det måtte vere, har Casper enkle råd.

– Ikkje gi opp, seier han og utdjupar:

– Det går opp og ned, og du får ikkje alltid til det du ønskjer. Då er det viktig å stå på vidare. For å bli god må du også takle motgang. Verda går ikkje under sjølv om du speler ein dårleg kamp eller får ein dårleg karakter på skulen. Det er viktig å hugse på anten det no er idrett eller andre ting du driv med.

_16_4161 Casper Ruud highres

Fakta om Casper Ruud:

– Fødd: 22. desember 1999.

– Frå Snarøya i Bærum, representerer Snarøya Tennisklubb

– Son av tidlegare tennisspelar Christian Ruud.

– Elev ved Wang Toppidrettsgymnas i Oslo.

– Bur og trenar for det meste i Alicante i Spania.

– Blei profesjonell tennisspelar i 2015.

– Debuterte i og vann ATP Challenge i Sevilla i Spania i september 2016.

– Ranka som nummer 233 i verda i oktober 2016.

– Høgrehendt og speler med Yonex racket.

BONUS:

Les meir om Casper Ruud her.
Les meir om tennis her.

Sjå Casper i aksjon:

ATP-touren er den øverste serien i tennis for herrar, og arrangeres av Association of Tennis Professionals.  Les meir her.

Grand Slam-turneringar reknes som dei viktigaste turneringane i tennis når det gjeld publikumsinteresse og premiepengar. Les meir her.

Davis Cup er ein internasjonal tennisturnering for herrelandslag.

Fed Cup er den viktigaste tennisturneringa for damelandslag.

Boktips:

Å være John McEnroe av Tim Adams

john

 

 

 

 

 

Liste over bøker her.

Sjekk denne tennisbloggen og få filmtips.