Fem feite teikneseriar

Eg elskar teikneseriar. Eg trudde lenge at årsaka til denne kjærleiken berre var at eg rett og slett ikkje fekk til andre ting.

Øystein Runde

Sånt som å kline med jenter, vere god i sport, tene pengar eller klatre i fjell. Men eg kom til at denne kjærleiken berre er. Sjølvsagt har kjærleiken utvikla seg, forandra seg, og strekker seg no over heile verda, litt som ein kjempestor deig som nokon har gløymt.

Her er fem feite seriar som forandra smaken min – og dermed livet mitt – i så stor grad at eg enda opp i teikneserien til ein annan person.

Donald Duck: On stolen time (1991)

Don Rosa

Gudfaren av Donald-historier er Carl Barks, 99-åringen som skapte onkel Skrue og Magica. Men for meg var Don Rosa den første teiknaren eg kunne kjenne igjen stilen til. Og den første historia som hekta meg, var den de ser her: Eit vitskapsdrama om konsekvensane av å fryse tida. Historia fekk meg til å leite gjennom Donald-kassene heime, på jakt etter fleire historier av same person. Don Rosa er kongen av “kva om …”-historier og “bryte fysikkens lover”-historier, og den du ser her, er begge delar. I tillegg handlar historia om tid. Alle historier som handlar om tid, er morosame.

Tida er frosen, og Donald og nevøane må jage B-gjengen gjennom eit tidsfrose Andeby.



Tida er frosen, og Donald og nevøane må jage B-gjengen gjennom eit tidsfrose Andeby.

 

Watchmen (1986)

Alan Moore (manus) og Dave Gibbons (teikning)

Eg hadde for lengst bestemt meg for at Donald Duck og Sprint var kvalitet, medan superheltar var teit. Men ein gong fann eg Batman: Det glade vanvidd av Moore & Bolland i ei bruktsjappe. Tanken på eit heilt album med Bolland-teikningar gjorde at eg beit tennene saman og aksepterte å betale 25 kroner for teite Batman. Eg var altså ein uvanleg modig og risikovillig ung mann. Manuset av Moore viste seg å vere endå betre enn Bollands fantastiske teikningar. Eg brukte deretter eit halvt år på å spore opp alle nummera av Moores storverk, Watchmen. Det angra eg ikkje på. Watchmen er eit puslespel, eit urverk av plott-trådar, gåter og politikk, og ein av dei mest kritikarroste teikneseriane i historia. 


Superhelten Ozymandias brukar si einaste superkraft, intelligensen.



Superhelten Ozymandias brukar si einaste superkraft, intelligensen.

 

Sin City (1993)

Frank Miller

Det fanst ei tid før Internett, og på den tida måtte eg abonnere på TEGN, eit blad for teikneserieinteresserte. Der las eg stadig at Alan Moore ikkje var aleine på toppen, det fanst også ein som heitte Frank Miller. Storesyster mi, som budde i Oslo, hadde fått med seg at eg no gjerne ville ha ting av denne Frank Miller, så ho kjøpte eit nummer av Sin City til meg. Eg hata det bladet. Eg ville ha ekstremt nøyaktige teikningar, som Rosa, Bolland og Gibbons. Miller var enkel, kantete og altfor slurvete, og historia handla berre om skyting og vald. Ei heil veke låg eg og las Sin City om igjen og om igjen, irritert over at det var lov å lage slikt søppel. Til slutt forstod eg at eg hadde stira på teikningane kvar einaste dag i ei veke. Eg bad systera mi om å kjøpe meir.

Antihelten Marv har blitt lurt og rømmer frå spesialstyrken.

Antihelten Marv har blitt lurt og rømmer frå spesialstyrken.

Lone Wolf and Cub (1970)

Kazuo Koike (manus) og Goseki Kojima (teikning)

Når eg først hadde forelska meg i streken til Frank Miller, var det ingen veg tilbake. All verdas skuleflink overflategnikking, skravering og fargelegging var avslørt som det det var: juks og glasur. Dei kunne ikkje konkurrere med Frank Millers suverene sans for anatomi, skugge og form. Då eg såg at Miller laga bokomslaga til ein japansk serie som eg hadde sett før, men aldri heilt hadde likt, måtte eg lese den på nytt. Dei første 900 sidene er Lone Wolf litt monotont, for mannen vinn alle duellar han kjem i. Men så kjenner du at du ER i Japan. Og du bryr deg meir og meir om folka Lone Wolf møter, og kløyver, på sitt ekstremt lange hemntokt. Serien gir eit godt bilete av det gamle Japan, og noko tilsvarande skulle eg gjerne hatt av Noreg i vikingtida også. Så eg laga min eigen vikingserie, Soga om Olav Sleggja, direkte inspirert av Miller og Kojima. Sleggja tok meg 5 år, og vart på 155 sider. Bra, men ingenting mot Lone Wolf, som held spenninga heile vegen og avsluttar sterkt og rørande på 8700 sider. 



Her kan du sjå tre forskjellige striper av den 8700 sider lange mangaserien Lone Wolf

Her kan du sjå tre forskjellige striper av den 8700 sider lange mangaserien Lone Wolf

Moskva (2013)

Ida Neverdahl

Vikingserien min, Soga om Olav Sleggja, gjorde at eg vart invitert til teikneseriefestival i Moskva. Der var også Ida Neverdahl.
Ida var mykje yngre enn meg, ho var nitten, men eg hadde allereie vore fan av henne i tre år. Ho har seriar i Nemi-bladet og på jellyvampire.deviantart.com. Born like an artist har blitt delt over ein million gongar på nettet. Serien kan ikkje lesast på papir, for han er berre ei lang stripe som du må scrolle nedover. Men han viser både Idas humor, evna til å analysere seg sjølv og ikkje minst at ho er eit naturtalent av ein teikneserieforteljar. Til alt hell syntest Ida at eg var flink også, så vi laga ei bok om turen vår, og den vart akkurat ferdig. Så her er ei side der ein av mine absolutte favorittserieskaparar fortel om eit ekstremt interessant og givande tema: Meg.

Ida og eg i Moskva. Endeleg er eg blitt ein teikneseriekarakter.

Ida og eg i Moskva. Endeleg er eg blitt ein teikneseriekarakter.

Vis kommentarer