Krig og avsky

I USA

Alle kan ha ulik motivasjon for å gjere noko, og slik er det også med USA og deira soldatar, seier Henrik Syse, seniorforskar ved PRIO, Institutt for fredsforskning.

Lars Petter Sveen

Både i En tøff dag av Mark Owen og i Support our troops av Sarah Salameh kan vi lese om unge amerikanarar i krig. Kvifor vel USA å sende sine unge i krig i framande land? Fredsforskar Henrik Syse stirer litt ut i lufta og trekkjer pusten før han svarer på dette spørsmålet.

– La oss først ta utgangspunkt i at ulike menneske har ulik motivasjon. Viss du for eksempel plukkar eple hos naboen, kan du ha ulike grunnar til det. Kanskje du ønskjer å få betalt, kanskje du synest det er artig, kanskje du gjer det for å hjelpe naboen din. Ulike menneske har altså ulik motivasjon, og da kan vi også seie at ulike politikarar har ulik motivasjon. Og i USA har du ei stor politisk leiing med mange ulike menneske. Det er nok ein del ulik motivasjon blant alle desse.

Men kva er det som motiverer USA til å sende soldatar til Irak og Afghanistan?

– Når det gjeld Irak og Afghanistan, kan ein snakke om fire ulike former for motivasjon, seier Syse. For det første handlar det om å forsvare seg mot angrep. Amerikanarane ønskjer å forsvare seg mot masseøydeleggingsvåpen. Etter 11.09. seier vi at USA ønskjer å beskytte seg sjølv, og verda, mot terrorisme.

For det andre handlar det om å vise at ein har makt. USA vil vise at dei ikkje sit stille og ser på når terrorisme skjer.

For det tredje er det også sterke økonomiske interesser som står bak. Midtausten er prega av fiendskap overfor USA, og av uro, samtidig som dei har store oljeressursar. USA har stor økonomisk interesse av eit stabilt Midtausten som er vennlegsinna mot Vesten.

Og for det fjerde må ein hugse på at det er eit sterkt hemn- eller gjengjeldingsmotiv her, dette er vel også nemnt i En tøff dag av Mark Owen. Etter terrorangrepet i New York 11.09.01 var det mange som såg på krigen i Irak og Afghanistan som rettferdig. Og dette er jo rart, for Irak og Saddam Hussein hadde jo ikkje noko med 11.09. å gjere! Osama bin Laden og al-Qaida såg på Saddam Hussein og hans styre som like store fiendar som USA. Her var det nok høgtståande medlemmer i den politiske leiinga i USA som hadde ulike motiv. Og vi veit no at visepresidenten i USA på denne tida, Dick Cheney, var ein av dei som ivra for å gå til krig mot Irak, og som nytta dette høvet til å få det til. Derfor vart det skapt ei oppfatning i USA om at Irak og Saddam Hussein var involvert i terrorangrepet 11.09. Veldig mange amerikanarar trudde på dette, det har undersøkingar vist.

Å gå til krig som hemn for noko høyrest jo litt underleg ut?

– Ja, seier Syse, for oss europearar kan dette oppfattast som rart og noko nærsynt. Men for enkelte politiske krinsar i USA tel dette mykje. No vil ikkje presidenten i USA stå på ein talarstol og seie at dei gjekk til krig for å hemne seg. Og du vil nok ikkje finne dette offisielle stadfestingar. Men retorikken ligg under heile tida. Hemnmotivet er viktig å ta med.

I En tøff dag skriv Mark Owen om korleis han alltid ønskte å bli elitesoldat i den amerikanske hæren, og korleis han søkjer spenning. I Support our troops kan vi lese om soldatar som dreg ut i krigen for å tene pengar. Kva er det som motiverer unge amerikanarar til å verve seg som soldat? Kvifor dreg dei ut i krigen?

– Også her er det viktig å snakke om at ulike menneske har ulik motivasjon, seier Syse. Men når soldatane først er ute på oppdrag, når dei er ute på slagmarka, så handlar motivasjonen for soldatane oftast om å gjere det ein skal. Da gjeld det å utføre plikta si. Å følgje ordre og beskytte medsoldatane sine. Det handlar om å overleve og komme trygt heim. Ikkje minst forholdet til medsoldatane er viktig for mange.

Så det økonomiske er ikkje så viktig?

– Jo, no må vi hugse på det eg sa om ulik motivasjon. Å dra ut som soldat handlar også om økonomi. USA er ikkje som Noreg, det kan vere vanskeleg å få jobb, og landet har gått gjennom ei økonomisk vanskeleg tid. Å verve seg og å bli soldat i hæren er faktisk ein måte å få seg jobb på.

Men er det ein populær jobb? Vil verkeleg nokon reise ut i krig?

– Å vere soldat i USA er ein jobb som gir ein viss respekt, seier Syse. Framleis kan nok soldatar oppleve motbør og kritikk og kjenne på kroppen av det dei gjer, ikkje er så populært. Men frå offisielt hald, og frå lokalsamfunn, er det mykje støtte å hente. Det ser ein i erklæringar som heng på husveggar og på klistremerke på bilar, for eksempel utsegner som ”Support our troops”.

Syse trekkjer fram at det for mange soldatar også handlar om å søkje spenning. Han nemner òg at soldatane som dreg ut på oppdrag, dreg fordi dei vil tene landet sitt, og fordi dei trur på saka. Dette er noko som Mark Owen er tydeleg på i En tøff dag.

– Så når unge amerikanarar dreg ut i krig, er det nok ei blanding av alt dette, seier Syse. Ein ung amerikansk soldat meiner nok litt og alt av dette eg no har sagt. Kort fortalt kan det handle om både om økonomi, patriotisme og spenning.

I Support our troops av Sarah Salameh får vi møte mødrer og kjærastar som ventar på sine kjære. Korleis reagerer ei mor på at sonen eller dottera reiser ut i krigen? Kva seier dei som sit igjen?

– Nokre er nok stolte, og nokre er nok redde, seier Syse. Nokre er bitre når dei får tilbake familiemedlemmer som er skada eller drepne i kamp. Mykje tyder på at folk i USA no er trøytte og leie av krig. Mange har opplevd store offer i samband med krigane i Afghanistan og Irak.

Henrik Syse fortel at under deler av Bushs si tid som president vart det i hovudsak forbode å ta bilde av kistene som kom tilbake med dei døde soldatane. – Dette var nok eit uttrykk for at regjeringa ønskte mindre fokusering på kor dårleg det gjekk. Det er framleis store sår i USA etter borgarkrigen på 1800-talet og etter Vietnamkrigen på 1960- og 70-talet. Krigane i Afghanistan og Irak rører borti desse såra, og det gjer det veldig upopulært hos mange å sende ut soldatar. Dette ser vi for eksempel i dag – det er stor skepsis i USA mot å delta i krigføring i Syria.

En tøff dag handlar mykje om korleis dei greidde å ta livet av Osama bin Laden. Allereie no, berre nokre år etter at det skjedde, er det laga film og bok om hendinga. Eg spør Syse om kvifor det var så viktig for USA å ta Osama bin Laden.

– For det første vart bin Laden framleis rekna som inspiratoren og organisatoren til terrorisme og til al-Qaida, seier Syse. Bin Laden vart sett på som edderkoppen i det store nettet. Dersom ein tok bort han, så ville mykje falle, tenkte dei. Han var ein viktig inspirator, og derfor måtte han vekk.
Syse snakkar også her om eit hemnmotiv, noko som også Mark Owen skriv om i En tøff dag. – Bin Laden stod bak terrorangrepa 09.11.01, seier Syse. Derfor var det viktig for USA å ta han, men ein kan fort få litt kjensle av westernfilm og Hollywood av det heile. Det blir litt The good guy som skal ta The bad guy. Ein kan jo spørje seg om det var nødvendig, var det verkeleg så viktig å finne bin Laden og drepe han? I Europa ser nok mange på dette som noko rart, spesielt den jubelen dette vart møtt med.

– Men mange var nok utolmodige, seier Syse. Vi må hugse på at ting no tyder på at vinteren 2001-2002, rett etter invasjonen av Afghanistan, var USA var veldig nære på å få tak i han. Og likevel kom han seg unna. Dette irriterte ganske mange.

Men når vi les En tøff dag, så er det lite refleksjon over det å ta livet av Osama bin Laden. Kva tenkjer du om dette?

– Vel, seier Syse og vrir litt på seg. – USA er eit land som har dødsstraff, seier han. Dei tek livet av menneske etter ein rettsprosess, og dette er det stor aksept for i USA. Men med drapet på bin Laden kan ein kanskje sjå ei urovekkande utvikling i USA, der ein aksepterer det å ta livet av menneske utan ein rettsprosess.

Da tenkjer eg på droneangrepa som har blitt utbreidde under president Obama. Det skremmer meg.

[Coverbilde creative commons: fishin widow]

Vis kommentarer