Blant seriemordarar og heltar

- I populærkulturen er dei fleste seriemordarane triste, dystre, mørke karakterar. Min seriemordar skulle vere det motsette av alt det. Han elskar det han held på med. Så kvifor skal han ikkje vere glad?

Ein av USAs mest spennande ungdomsbokforfattarar, Barry Lyga, er aktuell i Noreg med boka Game. Dette er den andre boka i serien om Jazz, sonen til den fryktelege seriemordaren Billy Dent. Om du sveitta deg gjennom førsteboka, I Hunt Killers, kan du glede deg til meir grufull spenning i Game. Men Lyga skriv ikkje berre om seriemordarar. Han har laga teikneseriar og skrive bøker i fleire ulike sjangrar og blir i USA kalla ein rebell blant ungdomsbokforfattarane. Når starta han eigentleg å skrive?

– Eg starta å skrive som barn. Da eg var liten, sende eg noveller til diverse magasin og prøvde å få dei på trykk. Men ingenting skjedde. Så endeleg, da eg var i tjueåra, fekk eg selt nokre noveller og nokre teikneseriar eg skreiv. Men det var først for omtrent ti år sidan at eg begynte å selje bøker. Og det har eg halde fram med.

Sonen til ein seriemordar

Med Jazz, som er hovudkarakteren i I Hunt Killers og Game, har du skapt ein temmeleg uvanleg helt – sonen til ein seriemordar. Kvar kom denne ideen frå?

– Ideen har faktisk eit veldig rart opphav. Eg åt middag med redaktøren min ein sein kveld, dette var vel for fem år sidan. Eg fortalde henne om nokre bøker eg arbeidde med, inkludert ei som var så lang og komplisert at eg trudde ho kanskje ville drepe meg. Så eg sa: «I’m writing this real killer …» Og ho trudde eg sa «serial killer». Vi lo av det heile, men så sa redaktøren min at ho verkeleg ønskte at nokon kunne skrive ei seriemordarbok for ungdom.

– Eg vart litt skremd av ideen! Seriemordarar er monster, og berre tanken på å skrive om ein tenåring – eit barn – som utfører alt det grufulle! Eg sa alt dette til redaktøren min, som tenkte over det, før ho sa: «Vel, kanskje barnet ikkje er drapsmannen. Kanskje han kjenner nokon som er ein drapsmann.»

– Eg tenkte ikkje mykje over det da, men seinare, på natta, vakna eg i senga og tenkte: «Han skal ikkje kjenne nokon som er ein drapsmann – FAREN hans er drapsmannen!»

– Og slik fall liksom heile historia på plass, og karakteren Jazz var fødd.

Men kor mange seriemordarar er det eigentleg plass til? Tenk på alle filmane, tv-seriane, dokumentarane og krimbøkene der det dukkar opp seriemordarar. Vi er til og med på fornamn med fleire av dei, som Hannibal og Dexter.
Likevel er det noko med dine bøker som snur opp ned på ting. Eg tenkjer at du har greidd å tilføre nytt liv, eller nytt blod, til sjangeren. Korleis greidde du eigentleg det?

– Eg ville at min serie om Jazz skulle vere annleis enn andre historier om seriemordarar. For du har rett, det er veldig mange av dei allereie, og eg synest at dei fleste er veldig like.

– Eg tenkjer det er litt ulike grunnar til at mine bøker skil seg ut, blant anna det nære forholdet mellom vennane Jazz, Connie og Howie, og at eg har fokus på karakterane like mykje som på alt blodet og drepinga. Men den viktigaste grunnen til at mine bøker skil seg ut, trur eg, er massemordaren Billy Dent.

Som alle andre foreldre?

Ja, det er som Lyga seier: Billy Dent skil seg ut. Han er faren til Jazz, og han er verkeleg ein skremmande figur. Ikkje berre er han ein kaldblodig og særs intelligent seriemordar, han lærer sin eigen son korleis ein kan bli ein god seriemordar. Det er skremmande, og ganske ekkelt, å lese om ein far som lærer sonen sin korleis ein kan skade, drepe og kvitte seg med offer. Og Lyga er veldig tydeleg på at han ønskte at Billy skulle vere annleis og vond.

– I populærkulturen er dei fleste seriemordarane triste, dystre, mørke karakterar. Eg ville at Billy skulle vere det motsette av alt det. Han er ein glad mann. Han smiler heile tida. Han elskar det han held på med, og han er verkeleg god i det. Så kvifor skal han ikkje vere glad?

– Eg trur alle bøkene om Jazz blir meir truande og skremmande når Billy er med. Dette er ikkje ein fyr som blir plaga av det han gjer – han liker det. Han ser fram til å drepe menneske. Det gjer han heil. Og denne haldninga gjennomsyrer boka. Det gjer kanskje bøkene om Jazz noko lettare enn andre seriemordarbøker, men, og dette er paradoksalt, det gjer også bøkene meir urovekkande.

Det er verkeleg urovekkande å lese om Billy, ein seriemordar som er lykkeleg. Men det er også fælt å lese om ein far som ønskjer å ta vare på sonen sin – når vi veit at faren er ein drapsmann. Kan du seie noko meir om Billy Dent? Kven er han?

– Det var ein del ting som kom i kjølvatnet av Billy Dent. Først, som eg allereie har nemnt, så er han lykkeleg. Eg ville verkeleg at han skulle vere det. Eg ville ikkje at han skulle vere slik som alle andre seriemordarar i populærkulturen. Men det aller viktigaste er at han – inst inne – er som alle andre foreldre. Han vil det beste for sonen sin, og han vil at sonen skal vekse opp og bli akkurat som han.

– Eg trur dei fleste foreldre ønskjer det, og eg trur at storparten av barn og unge i dag har opplevd at foreldre kan vere slik. Sjølvsagt, for Billy Dent betyr dette mykje blod og død. Men det er berre detaljar. Kjernen i denne karakteren, kjernen til Billy, er ein far som elskar sonen sin og vil det beste for han. Og det er derfor Billy blir ein så forstyrrande og komplisert karakter.

Grensa mellom godt og vondt

Noko av det interessante med I Hunt Killers og Game er korleis Jazz, som son til seriemordaren Billy Dent, balanserer mellom det gode og det vonde. Når eg seier dette til Lyga, er han ikkje heilt einig med meg.

– Eg tenkjer ikkje at Jazz balanserer mellom det gode og det vonde. Det er meir som om det er ei grense mellom godt og vondt, og Jazz held heile tida på og stikk tåa si over den grensa. Igjen og igjen gjer han dette, sjølv om noko i han veit at den grensa kan bli ein vegg som sperrar han inne på den vonde sida. Eg trur det er denne spenninga som gjer at folk finn Jazz så interessant.

Av og til i bøkene ser det ut som Jazz òg står på nippet til å manipulere og drepe andre menneske. Men han kjempar imot, han ønskjer ikkje å bli ein drapsmann. Han ønskjer ikkje å bli det monsteret som faren er. Er det nettopp denne kampen som gjer at Jazz ikkje er eit barn, men heller ikkje ein vaksen?

– Ja, eg trur du har rett i det. Dette er noko av det essensielle, noko av kjernen i historia. Jazz er ikkje eit barn eller ein vaksen – han sit fast i denne underlege fasen midt imellom. Som så mange andre ungdommar prøver han å bestemme seg for kven og kva han skal bli. For dei fleste av oss vil dette handle om å velje utdanning eller karriere eller ein stad å bu. For Jazz betyr det å kjempe imot trongen til å bli det monsteret som faren, Billy, vil at han skal bli. Jazz kan aldri bli vaksen før han har gjort dette endelege valet.

Du har allereie vore inne på korleis Jazz av og til kryssar grensa mellom godt og vondt. I tv-seriar som «Sopranos», «Breaking Bad», «True Detectives», «Dexter» og «Game of Thrones» er ikkje lenger heltane berre god. Det verker tvert imot som om heltane blir meir komplekse og samansette. Er Jazz ein del av denne utviklinga?

– Eg er stolt over å bli nemnd i same andedrag som desse tv-seriane! Men eg er ikkje så sikker på om den nye helten, som er både vond og god, er så moderne som vi liker å tru. Ein av mine favorittbøker er Njålssoga frå rundt år 1280. Og Njål, som er helten i denne historia, gjer ein del fæle ting. Han manipulerer folk og vender om på Islands lov og rett på den tida.

– Eg trur det framleis er ein plass for helten som er edel og god. Faktisk så ville eg elske ei historie som greier å få til ein slik helt. Eg trur at vi – som lever i eit globalt samfunn – ser at sjølv våre største heltar har sprekkar i rustninga. Derfor synest vi kanskje at dei komplekse karakterane er meir truverdige og ekte. Men i hendene til ein dyktig forfattar vil eg tru at ein helt som er berre edel og god, kan vere både spennande og fantastisk. Ein dag vil eg prøve meg på det!

Bøkene om Jazz er fylte opp med drap og mord. Nokre av sidene er fulle av skrekkelege detaljar om offera til dei ulike mordarane. Eg spør Lyga om all denne valden i bøkene er noko han, som forfattar, reflekterer over.

– Vi lever i ei valdeleg verd. Mitt land har ei lang og skammeleg historie med tanke på dette, og eg bur i ein by, New York, som – inntil nyleg – var verdskjend for rå og tilfeldig vald. Eg liker ikkje vald, og eg prøver ikkje å glorifisere det. Men eg kan ikkje late som vald ikkje eksisterer. Eg bruker vald i bøkene mine for å tvinge lesaren til å kjenne på det stygge og vonde, til å bli konfrontert med det, i staden for å gjere det teoretisk. Det er lett å sitte tilbakelent og seie «Huffa meg, seriemordarar er monster, er dei ikkje?». Det er noko ganske anna å bli dytta med trynet først ned i alt det menneskelege vrakgodset dei etterlèt seg.

– Men når det er sagt, så meiner eg at den fysiske valden ikkje er det verste med bøkene mine om Jazz. Den psykiske og emosjonelle valden som Jazz blir utsett for, er etter mi meining mykje, mykje verre.

Ingen rebell

I USA kallas Barry Lygas bøker for Young Adults bøker, mens i Noreg kallar vi det framleis for ungdomsbøker. Kva fekk Lyga til å skrive for ungdom?

– Eg starta å skrive ungdomsbøker i starten av karrieren min, med ei bok som heiter The Astonishing Adventures of Fanboy & Goth Girl. På den tida tenkte eg at det var ei artig bok å skrive. Men samtidig tenkte eg at dersom ho vart publisert, så ville eg kanskje ikkje ha fleire idear til ungdomsbøker! Vel, her er vi nesten ti år seinare, og eg har skrive fleire bøker for ungdom. Så eg tok nok fullstendig feil.

– Men kva det var som gjorde at eg vart ungdomsbokforfattar? Ærleg talt så veit eg ikkje. Eg fortel berre historier som eg sjølv synest er interessante, og det verkar som det er ungdom som liker dei.

I USA blir du kalla ein rebell blant ungdomsbokforfattarar. Er du ein rebell?

– Eg tenkjer absolutt ikkje på meg sjølv som ein rebell. Verkeleg ikkje. Eg trur eg fekk den merkelappen fordi dei fleste som skriv, ofte skriv historier som liknar på kvarandre, på den eine eller andre måten. Romantikk-forfattarar skriv romantikkbøker. Sciencefictionforfattarar skriv science fiction. Men eg har skrive fantasy, sci-fi, vanlege bøker, thrillerar, ein teikneserie, og så vidare. Kvar bok eg skriv, ser ut til å vere forskjellig frå alle dei andre. Det verkar som nokre folk synest dette gjer meg til ein rebell, men det er berre slik eg er. Eg veit ikkje om nokon annan måte å skrive på. Så det er greitt at andre kallar meg rebell, men eg kallar ikkje meg sjølv for det.

Bøkene om Jazz har blitt ein stor suksess, og eit raskt søk på nettet viser at det skal lagast tv-serie av bøkene. Men Jazz skal gjerast om til ei jente i serien! Eg spør Lyga om kvifor dette skjer, og han verkar lettare irritert når han svarer.

– Eg skulle ønskje eg hadde eit godt svar på dette. Eg skulle ønskje eg hadde eit svar! Ja, det blir jobba med ein tv-serie. Ja, dei har gjort Jazz til ei jente. Kvifor? Eg har ikkje peiling. Det var ikkje min idé, men eg har ikkje noko med dette å gjere. Eg vil tru at dersom du er John Green eller Stephanie Meyer eller J.K. Rowling, så vil Hollywood vere forsiktig med å rote med det du har skrive. Men eg er ikkje ein av dei folka der. Dei som jobbar med tv-serien, trur dei kan gjere historia interessant med Jazz som jente. Viss serien nokon gong kjem på tv, finn vi ut om dei har rett.

– Men bøkene mine har ikkje endra seg. Historia mi har ikkje endra seg. Tv er eit rart, alternativt univers, så eg prøver å sjå på alt dette med nysgjerrigheit framfor å bli irritert.

Men jobbar du med ei ny bok no?

– Eg er nesten ferdig med noko som er nært og kjært for meg, ei merkeleg blanding av fantasy og science fiction med verkeleg interessante karakterar og samfunnspolitisk brodd. Eg kan ikkje seie så mykje meir om det, men eg er veldig fornøgd med det, og eg gleder meg veldig til å få det ut til lesarane!

Det skal bli spennande å følgje Barry Lygas forfattarskap vidare. Korleis vil han overraske oss neste gong?

Bonusspor

Kva las du da du var 15 år?

Veldig mykje teikneseriar! Paul Levitz sine seriar om Legion of Super-Heroes, Alan Moores Swamp Thing, Frank Millers Daredevil.

Kven er dine favorittforfattarar?

Det er ei eklektisk samling: Joe Haldeman, Libba Bray, Paul Griffin, Ken Grimwood, Tom Perrotta.

Kva vil du anbefale til lesarane våre?

Eg veit jo ikkje om bøkene hans er å få i Noreg, men eg ber alltid folk om å lese Paul Griffin: Ten Mile River,
The Orange House, Stay With Me og Burning Blue. Paul er ein poet fanga i kroppen til ein romanforfattar, og bøkene hans er ganske enkelt geniale.

Om forfattaren

Barry Lyga, f. 1971, kjem frå USA og bur i New York. Debuterte som romanforfattar i 2006 med The Astonishing Adventures of Fanboy and Goth Girl. Er aktuell med Game på Gyldendal forlag, oppfølgjarboka til I Hunt Killers. I 2015 kjem den tredje og avsluttande boka, Blood of my Blood.

Om I Hunt Killers

I Hunt Killers er første bok i ein trilogi om Jazz og vennane hans, Howie og Connie. Jazz er sonen til den legendariske seriemordaren Billy Dent, som no sit i fengsel på livstid. Men når ein ny seriemordar er laus i heimbygda, finn Jazz snart ut at faren på ein eller annan måte er involvert.

 

Les mer om barn av seriemordere:
Barry Lygas hovedkarakter Jazz er barn av en seriemorder. Lyga skriver fiksjon, Jazz er en oppdiktet person. Men hvordan er det å være barn til en seriemorder i virkeligheten?
Les om Melissa Moore, datter av seriemorderen «The Happy Face Killer», som har startet en forening for barn av seriemordere, på BBC News Magazine.  http://www.bbc.com/news/magazine-29835159