
Ekstremisme
Når ein veit ein har rett
Det er ei frykteleg god kjensle å ha rett. Eg nyter det sjølv. Veldig ofte òg, likar eg å tru. Dei som er ueinige med meg tar som oftast grundig feil. Det er vanleg å oppleve det slik. Som når vi kranglar om kva TV-serie som er best, eller kven som er kjekkast av dagens popstjerner. Kven og kva vi vel å ha sterke meiningar om, endrar seg over tid. Men vi har alltid nokre idear som vi har heilt klare meiningar om. Og å meine noko anna enn vi gjer er verkeleg heilt dust. Nokre meiningar er så sterke at vi identifiserer oss med dei, og med dei som deler vår meining. Vi inngår i fellesskap med folk som likar det same som oss, anten dette no er knytt til filmar eller musikkartistar. Dei vert ofte stilt opp i eit skjema der ei interesse står mot ei anna, fordi «vi er betre enn dei andre». Vi samlar oss om det vi har felles, og gjer dette fellesskapet til det viktigaste for kven vi er. Vi er ein hær av folk som meiner det same, vi har rett og motstandaren tar feil. No er jo kranglane vi snakkar om her strengt tatt uviktige, men det er overraskande kor mykje av politikken og religionen som fungerer på nett same vis.
I lag med andre som meiner nøyaktig det same som oss, vil vi aldri gå tom for argument for kvifor vi har rett, og kvifor alle andre er teite. I eit slikt fellesskap vil dei rundt deg alltid stadfeste at du har rett. Dei vil gje deg nye argument for kvifor ditt standpunkt er best og andre tar feil. Dette er det vi ofte kallar eit ekkokammer: Alt vi høyrer er eit ekko av våre eigne meiningar og tankar. Dei vert gjentekne gong på gong, til vi opplever dei som sjølvsagte. Vi høyrer ingen motargument, og får ingen nyansar. Og når vi først har fått slike fastlåste meiningar, så høyrer vi gjerne ikkje på det som står i motstrid til dei. Men vi lyttar villig med når nokon stadfestar våre meiningar. Slik vert dei enno sterkare.
I miljø der slike mekanismar speler inn, kan det oppstå regler for korleis ein skal kle seg, korleis ein skal te seg, og kva ord og uttrykk som er dei rette å bruke. Ein kultur vert skapt. Difor vel til dømes høgreekstreme å gå med spesielle klesmerke for å signalisere politisk ståstad. Dette er ikkje i seg sjølv eit teikn på ekstremisme eller at dei er ei sekt, sjølv om det er ein del av begge delar. Det er simpelthen slik vi menneske fungerer. Vi søkjer å få høyre til med likesinna, og vi søkjer støtte for våre meiningar. Og vi føler ekstra styrke om vi kan peike på nokon utanfor og seie at vi er ikkje dei, og dei er ikkje som oss. Vi menneske definerer oss like mykje utifrå kven og kva vi ikkje er, som kven vi er og kva vi har til felles.
Men dersom du har rett og motparten tar feil, er det ikkje alltid du respekterer den andre personen. Han eller ho tar jo trass alt feil, kvifor skal ho ha noko ho skulle ha sagt? Då byrjar vi å vandre i ekstremistland. Om du meiner samfunnet stod på spel, og det er opp til deg å redde det – kva for medel er du villig til å ta i bruk? Når ein ekstremist bestemmer seg for å sprenge eit hus, eit fly eller ein synagoge, så gjer han det fordi han meiner han kjempar ein kamp for det gode og rettvise. Han ser ikkje uskuldige, han ser dei som står i vegen for sanninga og rettvisa.
For slik er det med ekstremisme, den utelukkar andre svar. Nazistar meiner til dømes at dei har det endelege svaret på kvifor samfunnet er som det er, og kva som må gjerast for å skape det perfekte samfunnet. Nazismen er ein ekstremistisk filosofi som spring ut frå fascismen og som i stor grad var forma av Adolf Hitler. Nazistane er mest kjend for å meine at eit utvald folk, den ariske rase, har skapt kulturen og bygd sivilisasjonen, medan andre folkeslag berre har bevart eller brote han ned. Ifølgje nazismen har den jødiske minoriteten i Europa skulda for alle problem i samfunnet. Det var denne tankerekkja som leia til folkemordet på jødar, sigøynarar og alle andre som skilde seg ut og ikkje passa inn i det «perfekte» samfunnet. Den dag i dag vil du framleis kunne finne folk med disse meiningane.
Kommunismen blir ofte rekna som motstykket til nazismen, ein politisk teori som oppmodar til ein valdeleg revolusjon, og omfordeling av privat eigedom. Den såkalla arbeidarklassa skal ta over og opprette eit folkestyre. Men først må vi gjennom ei overgangsfase med diktatur, der samfunnet og menneska kan omdannast etter kommunistiske ideal. Kommunistisk teori fortel oss at kommunismen vil følgje naturleg av den rådande kapitalismen, gjennom økonomiske kriser og revolusjon. Ifølgje kommunismen er dette uunngåeleg, og for ein kommunist er dette ei fast og bestemt tru. Å motseie ein slik påstand vil for ein ihuga kommunist vere eit teikn på at du er ein løgnar som kjemper mot revolusjonen, eller berre så forbanna dum at du simpelthen ikkje skjønner betre. Alle må jo forstå denne innlysande sanninga når fakta er lagt på bordet. Den kommunistiske revolusjonen er eit historisk og vitskapleg faktum allereie før den har funne stad, like sikkert som at sola står opp kvar morgon.
Den kommunistiske diktatoren Stalin er kjend for å ha drepe millionar av menneske både ved direkte drap og avrettingar, men òg gjennom å svelte dei ihel. Han var ein hemningslaus tyrann som med makt ville tvinge innbyggjarane i det enorme Sovjetsamveldet til å gjere som han ville. Han vert ståande som eit skrekkdøme på kommunismen, slik Adolf Hitler er det for nazismen. Eg tok ein gong Stalins folkemord opp med ein ihuga kommunist. Ho hadde uttrykt stor begeistring for han og hans styresett, og meinte at få menneske var så gode som kamerat Stalin. Eg prøvde å nytte folkemorda som eit døme på at Stalin kanskje ikkje var så perfekt, men det heile vart avvist kontant, for sidan det var eit faktum at Stalin var perfekt, hadde han aldri forårsaka noko slikt, og påstanden var dermed ein nazistisk løgn. Ingen reelle, sanne historikarar har nokon gong gått med på at det har skjedd, hevda ho. Problemet er at alle uavhengige historikarar er samde om kva som skjedde, og at Stalin hadde blod på hendene. For den unge kommunisten var det derimot klårt at desse historikarane tok feil, fordi dei lét seg rettleie av «feil» ideologi. Dei var ikkje kommunistar. For ekstremisten kan alle motførestillingar mot den vedtekne sanninga verte avfeia, fordi dei ikkje stemmer med… ja, den vedtekne sanninga.
Det ekstreme verdsbiletet tillét få eller ingen nyansar. Det er svartkvitt. Deira verd er delt inn i oss som har skjønt det, og dei som ikkje har skjønt det. Dei som ikkje har skjønt det motarbeider saka eller er sjølve problemet. Det ekstreme verdsbiletet kan til dømes vere eit der muslimar lyg kvar gong dei seier noko positivt, og berre seier halve sanninga om dei seier noko slemt – og kvar einaste slemme muslim er representativ for alle muslimar. Det kan vere eit verdsbilete der jødane som folk inngår i ein samansverjing for å dominere verda. Eller ei overtyding om at vesten, med USA i spissen, står i ledetog med satan for å få folk til å danse til rockemusikk. Det kan vere eit verdsbilete der mørke krefter står bak alt vondt i verda, og der Arbeidarpartiet er ei av desse mørke kreftene.
Kort fortalt er det ekstreme verdsbiletet fullt av konspirasjonsteoriar og hat. Ein konspirasjonsteori er ei førestilling eller idé om at noko er forårsaka av ei samansverjing. Ei samansverjing der lyssky krefter jobbar i mot samfunnet og menneskets beste. At jødane forgifter brønnen, at amerikanske styresmakter stod bak terroråtaka 11. september 2001 eller at terroråtak den 22. juli 2011 aldri fann stad. Slike konspirasjonsteoriar finn ein ofte i sentrum av ekstremistens verdsbilete. Samansverjinga representerer det vonde, og teorien forklarar korleis uforståelege ting eigentleg heng saman. I desse teoriane kan kompliserte samanhengar kokast ned til enkeltmenneske si vonde vilje mot deg og dine. Kvifor gjere det vanskeleg for deg sjølv når svaret er så enkelt? Svaret står jo i denne boka, svaret er jo å finne i denne YouTube-videoen. Det er slik ekstremisten tenkjer, og det er ofte dette paranoide verdsbiletet som skil dei frå oss. Men vi har jo alle slike tendensar av og til, har vi ikkje? Læraren er jo ute etter oss med desse leksene. Det blikket Mette sendte i friminuttet var jo ikkje tilfeldig, det tyder noko.