Bokutdrag: Handle Rett

MIKSING, TRIKSING – OG NÅR DET ER VERDT Å BLI BEKYMRA

HAR VI FRAMLEIS industri i Noreg? Ikkje som på syttitalet, sjølvsagt, men nokre næringar heng framleis fast her oppe. Vi har oljen, og alle tilknytte næringar på land. Nokre aluminiumsverk og skipsverft finst framleis – men ikkje minst har vi næringsmiddelindustrien. Slik Statistisk sentralbyrå klassifiserer det, er Nærings-, drikkevare- og tobakksindustrien med høgast omsetjing i Noreg – rett framfor oljeraffinering. Kring 250 000 jobbar i norsk industri og av dei jobbar kring 43 000 i næringsmiddelindustrien.

Det tenkjer vi sjeldan på, verken når det gjeld fiskerikonsesjonar eller jordbrukssubsidiar. Det er heller ikkje nokon konfliktlaus situasjon. Store selskap dominerer: mellom dei 60 største selskapa i Noreg er fem knytte til jordbruk og næringsmiddelindustri. Høgast opp kjem Orkla på 18. plass, Tine på 31. og Nortura som nummer 33. Selskap som Nestlé, Kraft, Mondelez og Kavli har stor betydning for innhaldet i det daglege kosthaldet ditt.

Uttrykket «reint mjøl i posen» kjem frå England på 1800-talet, då ein bakar vart dømd for å spe ut mjølet med det kjemiske stoffet alun for å få det billegare – og kvitare. Det var nok mykje å tene på jukset, men òg mykje å tape: Den aktuelle bakaren vart straffa med bot, andre matforfalskarar enda i gapestokken.

I dag er det meir sannsynleg å finne ekte avokado i ei sjampoflaske enn i ein boks guacamole. Etterspurnaden vår etter stadig meir, stadig billegare mat har ført til ein like sterkt stigande aksept for juks, triks og billege etterlikningar. 40 prosent salt, vatn og glukose i kyllingfileten? Det gjer han jo berre saftigare. 40 prosent stivelse i fiskekakene? Ja, men dei med mykje fisk er jo så dyre! Syntetisk framstilt søtstoff i sjokoladen? Jippi, då kan eg ete endå meir!

Rettighetene for utdraget gjelder kun for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. 

Les intervju med forfatteren av denne boken; Siri Helle her