Dei fem beste
Supermann-historiene

Supermann! Han døyr aldri. Skapt i 1933 av Siegel og Shuster, seld til eit stort forlag i 1938, og sidan den gong mjølka og reinkarnert om igjen og om igjen for å nå stadig nye generasjonar - Supermann er alt og ingenting. Har han personlegdom, eller er han berre prektig? Kor sterk er han, eigentlig? Toler han alt, unntatt kryptonitt? Eller er det meir artig å gi han juling?

Øystein Runde

Superkreftene har gått opp og ned dei 80 åra han har eksistert – i starten hoppa han over hus og festa skurkar i hjula på passerande passasjerfly, så lærte han å fly og utvikla ein strikt «ikkje drepe»-politikk (truleg på grunn av amerikanske sensurlover), og no, i den siste filmen, Man of Steel (2013), ser vi ingen spor av kryptonitt, og Supermann må tydeleg anstrenge seg for å løfte ein kollapsa oljeplattform, medan den førre (elendige) Superman Returns (2006) hadde ein kryptonittforgifta Supermann som likevel klarte å løfte eit heilt kontinent.

Han er ein vrien figur å få til rett. Heile poenget er jo at Supermann skal vere heilt absurd sterk, samtidig skal det liksom gå an å leve seg inn i problema hans. Kontinent-løfting vart for dumt for meg, medan å knuffe på ein oljeplattform var akkurat passeleg. Likevel – eg var ikkje heilt selt på Man of Steel. Det var for mange ting som var med i manuset berre fordi dei vart pressa inn. Som at faren til Clark Kent meiner at det er så viktig å skjule Supermann sin identitet at det er betre å la heile klassen hans drukne i skulebussen. Kvifor? Fordi faren føler at det er sånn. «Eg har ein magefølelse på dette, gut. Så difor synest eg du skal høyre meir på min magefølelse enn på skrika frå dine druknande klassekameratar.»

Og så er det det at Supermann ikkje klarer å dra med seg skurkane ut av tettbygde strøk. Det burde han gjort. Eg veit eg er nerd, men eg klarer ikkje å sjå på kollapsande skyskraparar utan å tenke at her må det ha gått med ein del sivile liv. Det er heilt greitt det, men at Supermann vel å kline med Lois Lane i staden for å redde folk ut av dei kollapsa bygningane, det synest eg er usympatisk.

Og til slutt, at han dreper skurken – det er eit brot med den gamle Supermann (men ein retur til den ELDGAMLE supermann, frå trettitalet) men for meg vart det berre dumt. At skurken Zod tvinger Supermann til å drepe han på den måten er ganske uintelligent. Zod burde jo heller ha gjort det moralske dilemmaet til Supermann større, sidan Zod visste at moralen er Supermanns svakaste punkt. Men, men, eg får heller lage teikneseriar sjølv då, om det er så at eg er så forbanna smart.

Men medan du ventar på mine seriar, la meg då få løfte fram mine favoritt-supermann-historier. Alle er på engelsk, men om du er smart nok til å lese nynorsk, som du gjer akkurat no, reknar eg med du er knall i engelsk også.

All-Star Superman (2005). 

Grant Morrison og Frank Quitely

Ein kjernesunn Supermann med enorme krefter og enormt staut moral. Nektar så klart å drepe nokon som helst, ein heil episode handlar til og med om korleis Supermann reddar livet til sin erkefiende Lex Luthor. Utan å vise det for Lex. Og korleis takle det at Supermann er så sterk? Jau, ved å gi han ufatteleg store og sprø problem. Morrison får brukt sin ville kreativitet maks her, og Quitely er av dei få som klarer å få Morrison sine historier til å kjennast ekte ut. Hurra!

Whatever happened to the man of tomorrow (1986). 

Alan Moore og Curt Swan

Alan Moore er forfattaren av Watchmen (Vektere på norsk), som du kan lese om i Faktafyk, og V for Vendetta. Og ikkje sjå filmane, dei er GODE, men bøkene er ekstremt, ekstremt gode. Ja, ja, no har eg vel skapt så høge forventningar at du sikkert kjem til å hate dei. Uansett, Moore skreiv også ei Supermann-historie. I 1986 hadde Supermann si historie gått jamt og trutt sidan 1938. Alt som hadde skjedd, i alle blad, var altså «offisielt» del av Supermannfigurens liv. Ein kan lure på korleis det er å leve sånn, stadige turar ut i galaksen og stadig kidnapping av familiemedlemmer. Forlaget DC bestemte at dei skulle starte figuren på nytt igjen, og teikneseriekjendisen John Byrne vart hyra til rebooten.

At DC ville kaste eit halvt hundreårs Supermann-kronologi på dynga for å kunne kalle eit blad «issue ONE» og kanskje tene litt meir pengar, var sjokkerande i 1986, og ekstremt normalt i 2013. Det vart uansett raskt klart at den digre, skjeggete briten Alan Moore kom til å kvele redaktøren om han ikkje fekk lov til å skrive den siste historia frå Supermanns «gamle» univers – og dermed drepe Amerikas husgud. «Whatever happened …» viser Supermanns siste kamp mot sine gamle fiendar – og kva moralske val han måtte ta. Teikneserien er både søt, sentimental og brutal på ein gong. Teikningane er gjort av Curt Swan, ein skikkeleg solid, gammal teiknar som hadde fulgt Supermann i ei årrekke (Swan vart fødd i 1920!) – og det valet passar, igjen, perfekt med historia.

SupermanWHTTMoT-00 Whatever Happened To The Man of Tomorrow

«Whatever happened …» viser Supermanns siste kamp mot sine gamle fiendar – og kva moralske val han måtte ta.

The Dark Knight Returns (Batman: Nattens ridder 1-4) (1986). 

Frank Miller, Klaus Janson og Lynn Varley

Den beste Batman-boka har også ei av dei beste Supermann-historiene. Den gamle, gretne gubben Bruce Wayne har pensjonert seg som Batman, og prøver å drikke seg sjølv i hel. Medan pappaguten Supermann jobbar for ein guffen president som minner mistenkeleg mykje om Ronald Reagan. Når Wayne bestemmer seg for å gjenopplive Batman, får han til slutt så mykje politisk motvilje at presidenten må sette Supermann på han for å få gubben tilbake på fylla. Men Batman er klar … Batman-figuren var på veg til å miste populariteten då DC lot Frank Miller få sleppe seg laus. På norsk kom denne serien ut som fire album, der Batman vert stadig meir rundjult av det moderne samfunnet han ikkje passar inn i. Og det endar med rein juling mellom DC comics sine to største heltar. Supermann har aldri vore så rein og naiv – og nettopp det at han er så rein og naiv gjer også at han no har late seg lure til å jobbe for feil folk. Urovekkande realistisk. Boka finst også som teiknefilm på Netflix, The Dark Knight  (2012) – men eg får, som vanleg, eit langt større kick av teikningane og intensiteten i teikneserieutgåva. Det er kanskje ingen som har fått det med seg enno? Eg likar teikneseriar.

JLA: Rock of Ages (1960). 

Grant Morrison, Howard Porter og John Dell

Justice League of America! Batman, Supermann, Lynet, Miraclewoman og J’onn J’onzz, menneskejegeren frå Mars (kva no det betyr, eg har aldri sett han jakte på menneske) møtast innimellom på ein flygande base og løyser kjempestore problem. Justice League har hatt ein tendens til å verte … litt teit. For når er eigentleg problema store nok? Om Supermann er rask, kor rask må Lynet vere? Om Supermann er supersmart, og Batman også er supersmart, korleis kan Batman vere til nytte? Det trengst ein god forfattar for å få fram at Batman si supersmarthet er av ein annan type enn Supermann si. Eventuelt ein klin sprø forfattar, det vil seie Grant Morrison, som brukar teikneseriane sine for å få lesarane med på «kaosmagiske» ritual.

Morrison’s Rock of Ages har alt! Den startar med ei kjempestor katastrofe, forårsaka av Jokeren, held fram med ei tidsreise til den uendeleg fjerne framtida, og inkluderer så mange absurd store konfliktar som ein kan håpe på. Den finst på svensk om du hatar det engelske språket. Men for meg er den først og fremst historia som verkeleg fekk dreisen på ein av DC sine kulaste skurkar: Den onde guden Darkseid. Som du merkar så vil eg ikkje seie så mykje om plottet her heller. Morrison sin styrke ligg meir i idérikdom enn i mellommenneskelege relasjonar og psykologi. Men du har akkurat kjøpt ei bok om Supermann, Batman, Lynet og Menneskejegeren frå Mars … kva var det du forventa?

JLA Rock of ages

Invincible (2003). 

Robert Kirkman, Cory Walker og Ryan Ottley

Dette er juks. Denne handlar ikkje om Supermann i det heile tatt. Men det Kirkman og Walker har gjort, er å skape sin eigen figur heilt frå grunnen av, som tek dei moralske problema til Supermann (eg er den mektigaste på planeten, og alt eg veljar kjem til å ha konsekvensar) og slår dei saman med tenårings-angsten til Spiderman (bu hu, eg har ikkje pengar, og eg har eit vanskeleg forhold til far min). Kirkman har også skrive den ekstremt ekle og skumle zombieserien Walking Dead (jada, den som har blitt til tv-serie). I begge seriane brukar Kirkman evna si til å skape truverdige karakterar og genuint spennande val, og i Invincible slenger han den på eit tilsynelatande søtt og fargerikt superhelt-univers. Miksen funkar – Invincible har no gått i 100 nummer, 2000 sider, og ein dag (om tv-bransjen får råd til det) kjem dette til å verte ein ufatteleg populær tv-serie. Men kvifor vente på ein tv-serie? Kjøp alle 18 bøkene om Invincible i dag, og grav deg ned i eit frustrerande superheltliv – kva gjer du om du held på å stryke på skulen på grunn av alle monstera du må slåst mot? Korleis halde på dama medan du er fire månader i galaktisk krig? Den startar roleg og normalt, men svulmar opp noko vanvitig. Ein herleg, og tilsynelatande uendeleg kvalitetssåpeopera, der Kirkman har planlagt ting tusen sider framover …

Invincible

Vis kommentarer