
Ei framtid i fridom
11. februar 2015 er det 25 år sidan Sør-Afrikas første svarte president, Nelson Mandela, blei sett fri frå fengsel. Tre år seinare, i 1994, kunne alle vaksne innbyggarar stemme i det første demokratiske valet i landet. Men blei sørafrikanarane frie?
Utanfor den sørafrikanske millionbyen Durbans støvete sentrum med skyskraparar og tung trafikk ligg ein brunraud mursteinsbygning.
Bak opne vindauge som slepper inn svalande vind, sit 34 elevar, gutar i blå shorts og kvit skjorte, jenter i blå- og kvitrutete kjolar. Nokre ser ned i pulten, andre stirer ut i lufta. Det er mattetime i sjette klasse ved Clarence Primary School.
– Tenk så mykje de kunne oppnådd om de berre konsentrerte dykk litt betre! seier læraren Ray Naidoo i det han smeller ei nyretta reknebok i pulten til ein av elevane.
Fire og fire slitne pultar står saman. Svarte sekkar heng på stolryggane. Føter kledde i svarte sandalar og kvite sokkar. På veggen ved sida av tavla heng det tre skilt. På eitt står det: What I do is a reflection of who I am. (Det eg gjer, reflekterer kven eg er).
Då Clarence Primary School blei grunnlagd i 1905, var provinsen skulen ligg i, ein britisk koloni, og skulen var dermed britisk. Fem år seinare, i 1910, blei Sør-Afrika sjølvstendig frå britane. Seinare gjekk landet gjennom mange endringar, men ein ting stod fast: Skulen var berre for kvite barn.
Rasistisk styre
Heilt fram til ein historisk dag i 1991. Året før hadde Mandela sloppe fri frå fengselet. Store endringar var på gang i Sør-Afrika. Den 15. januar 1991 blei det skrive i skulens protokoll: ”I dag er ein historisk dag, sidan barn av alle rasar kan søke om opptak ved skulen.” Ei nøytral setning for å beskrive ei total omvelting av skulen, av nabolaget, av byen, av landet.
Før denne januardagen i 1991 hadde berre éin av elevane, den kvite guten som no sit på venstre rad, nesten fremst, kunna vore her. Dei 33 andre, som anten er svarte eller brune, hadde gått på andre skular langt unna.
”Apartheid” var namnet på Sør-Afrikas politikk den gongen. Ordet tyder ikkje meir enn ”å vere åtskilt”, men i praksis var det eit rasistisk styresett som gav kvite alle rettar og svarte ingen. Styresmaktene brukte 17 gonger så mykje pengar på skulegangen til kvite barn som til svarte. For svarte barn var sjukdomar knytte til underernæring den vanlegaste dødsårsaka. For kvite barn: drukning i basseng.

Ntombi Mkize i arbeidsklede ved bassenget til arbeidsgivarane sine. Eigarane brukar berre huset og bassenget som feriebolig. Sjølv bur Ntombi og dottera Ntando i eit lite rom på baksida av huset.
Mor er hushjelp
Ei av dei som ikkje kunne ha vore på denne skulen under apartheid, heiter Ntando Mkize. No sit ho på ein stol, i eit rom, på ein skule som var forboden for mor hennar, Ntombi.
Mora Ntombi har berre gått åtte år på skule. Etter skulegangen kom Ntombi til Durban for å arbeide som hushjelp for ein kvit familie. Her blei Ntando fødd. Og her bur dei i dag i eit rom bak hovudhuset. På rommet har Ntando og Ntombi ei dobbeltseng, eit klesskap og ein liten TV med dårleg mottak. Meir er det ikkje plass til. I hovudhuset, med tre soverom, stort kjøkken, stove og symjebasseng i hagen, er det oftast tomt. Familien Ntombi jobbar for, bur i ein annan by og bruker huset i feriane.
Er Ntombi og Ntando frie?
Jo, Ntombi stemte i det første demokratiske valet i Sør-Afrika i 1994. Og ja, dottera går på ein skule som tidlegare berre var for kvite. Dei kan reise kor dei vil. Dei kan bu kor dei vil. Dei har ifølgje lova same rettar som alle andre borgarar av landet, uansett hudfarge.
Fridom tyder å leve utan tvang og restriksjonar. Fridom tyder å kunne vere med og bestemme kven som skal styre landet. Fridom tyder å kunne uttrykkje seg fritt. Fridom tyder å kunne velje sjølv korleis ein vil leve. Å vere fri tyder å vere fri til, men å vere fri frå er også eit mål på fridom: fridom frå fattigdom, frå sjukdom og frå kriminalitet.
Vakker og farleg veg
Ntombi følgjer dottera til skulen kvar dag, sjølv om Ntando er stor nok til å gå sjølv. Langs fortauet veks tre med eldraude, oransje og gule blomar. Bognande bregnar strekker seg over høge murar. Gartnarar, svarte menn i blå arbeidsklede, kostar inngangspartia til dei store husa frie for lauv og blomar. Ingen kvite kostar lauv.
Dei kryssar ein åttefelts motorveg. Midt i krysset står det ofte barn i 10–12-årsalderen og tigg pengar av bilistar som stoppar på raudt lys. Nokre av dei ber på søppelsekkar der bilistane kan kaste tomme boksar, papir og matavfall, og så får gutane oftast nokre myntar for jobben. Gutane tigg òg om mat. Av og til får dei kanskje pommes frites, frukt eller noko å drikke.
Dei er gatebarn, heimlause, og bruker det meste av pengane til å kjøpe lim som dei sniffar. Det hender dei knuser rutene på bilane, stikk inn ei hand og grip eit gullsmykke eller ei veske.
Framme på skulen møter Ntando venninnene Aaliyah Munsamy, Micaella Leeu og Okuhle Makhanya. Jentene fortel at dei lærer om Sør-Afrikas historie i alle fag. Dei får alltid høyre om korleis Nelson Mandela frigjorde landet deira.
– For eksempel når vi har matte og synest noko er vanskeleg, kan læraren seie at under apartheid måtte barna lære alt på språket afrikaans, eit språk elevane ikkje kunne, fortel Micaella.

13 år gamle Hector Pieterson var ein av dei første som blei drept då sørafrikansk politi skaut på barn som demonstrerte i townshipen Soweto i 1976. Han blir bore av venen Mbuyisa Makhubo. Ved sida av spring søstera Antoinette Sithole.
Døde barn
Afrikaans var språket til dei kvite som styrte landet under apartheid. Ei av lovene dei innførte då Ntombi gjekk på skulen på 1970-talet, var at alle barn skulle ha undervisning på deira språk, afrikaans. Men dei fleste kunne ikkje dette språket. Og dei ville heller ikkje lære det.
6. juni 1976 demonstrerte skulebarn mot afrikaans. Først marsjerte dei eldste barna ut frå klasseromma. Så hengde dei yngste seg på. Til slutt marsjerte og dansa 20 000 barn i gatene mens dei ropte slagord og bar plakatar: ”Til helvete med afrikaans”, stod det. Og ”Makt til dei svarte”.
Politiet barrikaderte vegane med hundar, tåregass og skarpladde gevær. Barna fekk ordre om å forsvinne, men dei fortsette. Nokon kasta ein stein. Ein politimann heiv tåregass inn i mengda, barna flykta, eit varselskot blei løyst, politiet sleppte laus hundane og sikta på barna med geværa.
Rundt to hundre barn blei drepne denne dagen. Protestane spreidde seg til heile landet, og på det meste heldt 200 000 barn seg heime frå skulen i protest mot tvang og vald.

Frå venstre: Okuhle Makhanya, Micaella Leeu, Ntando Mkize og Aaliyah Munsamy går alle på Clarence Primary School i Durban i Sør-Afrika. Før 1991 kunne hadde dei ikkje kunna gå på denne skulen, for då var den berre for kvite elevar.
Lenge sidan, men nært
For jentene på Clarence er 1976 veldig lenge sidan. Apartheid er veldig lenge sidan. Likevel lever historia i dagleglivet deira.
– Besteforeldra mine snakkar mykje om korleis det var før. Dei var saman før apartheid, men då apartheid blei innført, kunne dei ikkje lenger bu saman fordi bestemor var kvit og bestefar var farga. Dei kom saman igjen då Sør-Afrika blei fritt, fortel Aaliyah.
– Før i tida var det berre dei kvite som bestemte. Dei ville ikkje at svarte skulle vere nær dei, seier Ntando.
– Kvite ville ha mest for seg sjølve, seier Micaella.
– Det var frykteleg. Dei behandla folk som skitne ting, seier Okuhle.
All undervisning er på engelsk i dag. Dei har òg zulu som fag. Zulu er det største morsmålet i området. Jentene lærer også afrikaans på skulen, men som framandspråk.
Kjensle av fridom
Kanskje er fridom mest av alt ei kjensle?
Mor Ntombi oppfører seg ulikt overfor svarte og kvite. Kanskje kjem ho seg aldri ut av rolla som underdanig svart hushjelp. Ho voks opp med apartheid, med ein stat som alltid minte henne på at ho var annanrangs, at ho var mindre verd enn dei kvite. Ho trudde på det som barn, seier ho. Ho trudde ho var mindre verd. Det var berre slik det var, og slik vil det kanskje alltid vere for henne.
For Ntombi ligg framtida – og fridomen – i Ntando. Ntando beveger seg sjølvsikkert og naturleg uavhengig av kven ho møter. Ntando snakkar komfortabelt med den indiske læraren, den kvite journalisten, den svarte gartnaren.
Ntando er seg sjølv, ei 12 år gammal sørafrikansk jente. Ho får gå på skule der ho lærer å tru på seg sjølv. Fordi mora Ntombi tener veldig lite, treng ho ikkje å betale så mykje i skulepengar.
For Ntando er framtida vidopen.
– Eg vil bli modell, seier Ntando. – Eller lærar. Dramalærar eller kunstlærar for å inspirere og oppmuntre andre. Eg vil halde fridomen levande.
På eitt av skilta ved tavla i klasserommet står det: Gratitude. Takksemd.

Nelson Mandela fekk, saman med dåverande president Frederik W. de Klerk, Nobels fredspris i 1993, fordi dei saman klarte å skape forsoning mellom svarte og kvite i Sør-Afrika.
Om Nelson Mandela og Sør-Afrika
- 11. februar 2015 er det 25 år sidan frigjeringshelten Nelson Mandela slapp ut av fengsel i Sør-Afrika. Då hadde han vore innesperra i 27 år fordi han kjempa for demokrati og like rettar for alle sørafrikanarar.
- I 1993 fekk Mandela og den siste apartheidpresidenten Willem de Klerk Nobels fredspris i Oslo.
- I 1994 fekk svarte sørafrikanarar for første gong stemme ved valet, og Nelson Mandela blei vald til president. Mandela var president i Sør-Afrika i fem år. Han døydde i desember 2013, 95 år gammal.
- Mykje har endra seg sidan 1994. I dag har nesten alle straum og innlagt vatn, og alle går på skule. Sør-Afrika har ei av dei mest liberale grunnlovene i verda: I den står det at ingen skal diskriminerast på grunnlag av kjønn, seksuell legning, hudfarge eller funksjonshemming.
- Dei største problema i Sør-Afrika i dag er arbeidsløyse, særleg hos ungdom, kriminalitet og mange dårlege skular.
- Sør-Afrika har elleve offisielle språk. Dei største morsmåla er isiXhosa, isiZulu og afrikaans, men dei alle fleste snakkar òg engelsk.
- Dagens president heiter Jacob Zuma.
Bonusspor
Les fakta om Sør-Afrika her.
Dette skriver Store Norske Leksikon om apartheid.
Og dette om Nelson Mandela.
Les om Nelson Mandela Foundation her.
Les om Robben Island, øya utenfor Cape Town hvor Mandela satt i fengsel i 18 år, her.
Filmtips:
Mandela: Long Walk to Freedom (2013)
De uovervinnelige (2009)
Under kan du se en dokumentar av BBC om Nelson Mandela.
Boktips:
Ikon: Nelson Mandela av Teresa Grøtan.
Veien til frihet av Nelson Mandela.
Vanære av J.M. Coetzee.
Fotball-VM i 2010 ble arrangert i Sør-Afrika. Les mer om mesterskapet her.
Musikk:
Mafikizolo er et av Sør-Afrikas mest populære band. Les mer her.