
Forfattarintervju: Siri Helle
Ho har hatt eiga matspalte i avisa Dag og Tid og har skrive boka Handle rett – lure val i ein matbransje full av juks. Korleis blei ho så interessert i mat, kva overraska henne mest i arbeidet med boka, og har ho nokon tips til den som vil handle rett? Faktafyk har snakka med Siri Helle.
– Kvifor denne interessa for mat?
– Eg har bakgrunn frå miljørørsla, frå Natur og Ungdom, og interessa for mat og jordbruk vaks ut av dette miljøengasjementet. Så budde eg eit halvår hos småbønder i Brasil og såg kor viktig det var å halde på retten til å produsere eigen mat – for kultur, for sysselsetting, for matvaretryggleik. Eg lærte at det at vi produserer så mykje mat vi kan i Noreg, ikkje berre er viktig for oss, men òg for småbøndene i Brasil – alle må bidra om alle skal verte mette. Så byrja eg på den einaste heilt økologiske jordbruksskulen i Noreg – Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland i Sogn – og oppdaga at det ikkje berre er viktig, men også utruleg morosamt, spennande og kreativt å produsere mat.
– Det blir skrive og snakka mykje om mat frå eit helse- og sunnheitsperspektiv om dagen. Du skriv frå eit anna perspektiv. Kvifor er du oppteken av korleis matvarer blir produserte?
– Det handlar om å bygge kunnskap frå grunnen av. Di meir ein veit om korleis maten ein kjøper, er produsert, di betre grunnlag har ein for å danne seg eigne meiningar om kva som er eit sunt og godt kosthald for ein sjølv. Matproduksjonen vår går føre seg i eit økosystem der alt heng saman – vi vert påverka av kva vi vel å ete, men dei vala påverkar òg samfunnet kringom oss. Å snakke om mat frå berre eitt perspektiv – som til dømes helse, og all diettfokuseringa – skapar fort meir utryggheit og påfører skuld og skam, medan eg er oppteken av å skape kunnskapsrike forbrukarar som kan ta sjølvstendige val, uavhengig av diettar og trendar ein får kasta over seg.
– I forordet til Handle rett seier du at du handlar på ein annan måte no enn du gjorde tidlegare. Kan du seie noko om det? Korleis handla du før, og korleis handlar du no?
– Eg var vegetarianar i elleve år fram til eg byrja på jordbruksskule. Der såg eg både at det er mogleg å ha dyr i produksjon og ta vare på dyrevelferda, eg lærte at Noreg er eit grasland der berre tre prosent av arealet kan brukast til å dyrke vegetarmat, medan nærare 40 prosent kan produserast kjøt på, og ikkje minst såg eg alt arbeidet som ligg bakom maten eg kjøper i butikken. Kvart enkelt salathovud har vorte handtert av eit menneske fem–seks gonger, og det ligg massevis av kunnskap bak å dyrke gode produkt. Eg såg verdien bak maten og har sjeldan klaga på prisen sidan.
– I boka tek du for deg ulike matvarer. Du går grundig til verks både når du avslører kva dei verkeleg inneheld, og korleis dei blir produserte. Var det noko som overraska deg undervegs?
– Eg vert stadig overraska. Det er alle dei små tinga som saman skapar eit bilete av ein matproduksjon som har reist langt forbi det den burde vere. No forskar ein på korleis ein får ostepop til å opphalde seg kortast mogleg tid i munnen, fordi det lurer oss til å ete fleire kaloriar enn vi elles ville gjort. Kalkunar klarar ikkje lenger å pare seg naturleg fordi vi har avla brystmusklane så store at hanen ikkje kjem til. Ikkje eingong ord har noka meining lenger: Fersk juice kan ha vore frosen, naturleg aroma vert framstilt av smaklaus stivelse og gjærsopp, original kjøtdeig inneheld salt og vatn, og heimelaga syltetøy vert produsert på fabrikk.
– Har du eit tips til Faktafyk-lesarar som vil handle rett?
– Ein god tommelfingerregel er å kjøpe mat med færrast mogleg ingrediensar ein ikkje veit kva er. Då har ein kontrollen. Og å ikkje vere redd for råvarer – fisk, kjøt og grønsaker er ikkje vanskelege, og dei treng heller ikkje ta lang tid å lage: Det tek til dømes kortare tid å steike sei og raspe gulrot enn det tek å steike ferdigpizza.