
Foto- og skrivekonkurranse: «Rommet mitt»
I samarbeid med Framtida.no og Magasinett inviterer Faktafyk deg til å bli med på foto- og skrivekonkurransen «Rommet mitt». Ta eit bilete av rommet ditt og skriv ein kort tekst om ditt forhold til det.
I kvart nummer av Faktafyk har vi ein fotoreportasje. I neste nummer vil fotoreportasjen vere eitt av vinnarbidraga til konkurransen «Rommet mitt». I tillegg til å bli publisert på Framtida.no og Faktafyk, vil vinnaren få 2000 kr.
Bidraget må vere på nynorsk.
Innleveringsfrist: 30. april 2019
Maks lengde: 450 ord + foto
Send bidraget ditt til: hilde@foreningenles.no