Frå skoletapar til eventyrar

Lars Petter Sveen, Foreningen !les Julia Naglestad/B13.no

– EG FØLTE MEG MISLUKKA. STRAUK EG PÅ SKOLEN, SÅ STRAUK EG I LIVET.

Samuel Massie har opplevd meir enn dei fleste, og framleis er han berre 21 år. For å starte med det siste først: Samuel har nettopp gitt ut Hold fast, ei bok om hans eige liv og hans eigne utfordringar. Her skriv han om korleis han faktisk greidde å halde fast og ikkje gi opp. Før det var han med på den eventyrlege og berykta ekspedisjonen med skipet Berserk til Sørpolen. Men før det igjen var han ein 16-åring som sleit på ungdomsskolen. Samuel kom seg ikkje opp om morgonen, og han stakk frå skolen etter storefri.

– Mi historie er ikkje uvanleg, seier Massie. Når ein skal velje skole og retning for resten av livet, så blir det eit veldig stort press. Når eg snakkar med ungdom no, seier eg alltid: Senk skuldrene! Presset ungdom møter frå samfunnet og frå foreldre, er større no enn det nokosinne har vore. Og det er spesielt vanskeleg for dei som ikkje meistrar det teoretiske på skolen. Eg følte sjølv eg ikkje strakk til, og mange kjenner nok noko av det same.

Eg spør om det alltid var slik. Kva var det som gjekk skeis, når kjente han at det ikkje fungerte lenger for han på skolen?
– Eg var ein annan person da eg starta på skolen, enn da eg slutta. Eg kom inn på skolen første skoledag og ville lære, eg var på! Men 11 år seinare var skolen min største fiende. På ungdomsskolen begynte eg å utvikle meg, men det kjentest som om skolen ikkje utvikla seg. Eg måtte sitte i ro i sju timar kvar dag da eg var 12–13 år. Det fungerte ikkje.

I boka skriv du om korleis du og vennane dine starta å røyke hasj og selje narkotika mens du gjekk på vidaregåande. Korleis kom du inn i dette miljøet, og kva betydde vennane for deg?
– Etter at eg mista interessa for skolen, var kompisane mine den einaste grunnen til at eg møtte opp til timane. Det var det sosiale som fekk meg til å komme på skolen. Og etter kvart trefte eg nye kompisar. Da eg gjekk på ungdomsskolen, begynte eg jo å henge med slike som følte det same som eg. Dei som ikkje takla alt. Eg ville vere med den same typen folk, der eg kunne vere meg sjølv.

– Men når eg fekk problem på skolen, så vart desse problema òg tatt med heim. Derfor orka eg heller ikkje vere heime, det var berre hos kompisane eg fekk fred. Det vart ein fristad der ingen venta noko av meg.

– Men ein slik fristad kan jo både bygge deg opp og rive deg ned. Etter kvart begynte det å gå dårleg. Vi begynte å flørte og eksperimentere med dop.
Du skriv òg i boka at både lærarar, psykologar, rådgivarar og foreldre sa du måtte skjerpe deg. Korleis reagerte du når dei prøvde å ta tak i deg og få deg på rett veg?

– Eg gjekk på defensiven med ein gong. Eg følte presset heimanfrå, frå lærarane, frå rådgivarane. Det var eit problem med Samuel, og det måtte fiksast. Og så fekk eg påvist dysleksi og at eg hadde konsentrasjonsvanskar. Da var det som om dei hadde skjønt meg, da hadde dei meg på ein måte. Da trong ikkje legen eller nokon andre å prøve lenger. Det var som om alle hadde funne svara på problemet. Men slik var det ikkje! Når eg tenkjer på det no, så er dette meir som bensin på bålet. Ja, eg har dysleksi, og derfor skal eg skrive ei bok!samuel_massie_203

Var det nokon gong da du gjekk på skolen, at du tenkte: Dette går ikkje? Dette må eg komme meg ut av?

– Eg følte meg mislukka. Strauk eg på skolen, så strauk eg i livet. Karakterboka bedømte meg som menneske. Eg vart broten ned av det. Alle ville at eg skulle gjere det bra, alle ville at eg skulle stå på. Dei sa slike ting som «Du kan viss du vil, Samuel!». Men eg ville ikkje. Og da blir ein litt fortapt.

– Mi historie er historia om ein rebelsk ungdom som viser fingeren til skolen. Men det er òg ei historie om sorg. Ofte sat eg aleine på guterommet og gret. Utan at eg heilt forstod kvifor. Det var så store forventningar til livet, og eg greidde ikkje leve opp til dei. Er dette livet? spurde eg meg sjølv. Eg trur mange har det slik.

Likevel vart alt endra da mor di søkte deg inn på folkehøgskole. Du reiste vekk frå Bergen til friluftslivet i nord. Og det var her du trefte Jarle Andhøy, som var kaptein på skipet Berserk. Korleis var det å reise på ekspedisjon til andre sida av kloden?

– Turen med Berserk var eit eventyr. Men det var ein hard start. Eg var sjøsjuk og spydde dei første fire vekene. Eg var den yngste om bord, nokre var dobbelt så gamle som eg. Og desse skulle eg leve med! Likevel vil eg heller bruke ordet skipskamerat enn venn. Det gir større meining for meg. Desse som eg var saman med på Berserk, vi var så nære kvarandre. Vi budde saman, åt saman, dreit saman, sov saman. Vi vart kjente på ein heilt annan måte. Vi skulle erobre verda!

Ekspedisjonen enda med at Berserk sokk, og at tre av dei om bord omkom. Korleis var det å komme heim etter å ha mista kameratane sine?

– Det var veldig tungt. Vi veit ikkje kva som skjedde. Det er ingen fasit for korleis ein skal takle død eller sorg. Men det var ekstra tungt å komme heim og oppdage at heile Bergen og Noreg kjente til kva som hadde skjedd. Eg gøymde meg vekk på hytta til bestefar. Men bestefar sa til meg: Samuel, du skal ikkje gløyme, men lære deg å leve med det.

– Når eg no reiste ned igjen for å finne ut kva som hadde skjedd, tok eg med meg skolebøkene. Eg var klar for å gå på skole igjen. Eg kom heim og tok vidaregåande skole på eit halvt år. No var eg klar, viljen var på plass.

Berserk-saken fikk mye oppmerksomhet i media. Les mer her:

VG      ABCNYHETER    Dagbladet

I NRK-programmet «Brenner og bøkene» snakker Samuel Massie med Hans Olav Brenner om skriveprosessen og sitt forhold til lesing og skriving. Se programmet her.