
From Scratch: Starta band utan å kunne spele
I løpet av fem år har medlemmane i Oslo-bandet From Scratch gått frå ikkje å kunne spele eit instrument til å halde konsert på Øyafestivalen. Alt starta med ein brosjyre.
Ideen om å lage eit band kom nokså tilfeldig for fem år sidan då Susanna, Alma og Hedda gjekk på vidaregåande skule saman.
– Susanna og Alma såg ein brosjyre for noko musikkgreier på ein kafé og fekk ein idé om å starte band. Etter kvart blei Hedda med, og i 2017 fann vi Ada via Instagram. Ingen av oss kunne spele eit instrument. Vi starta rett og slett «from scratch», og slik blei også bandnamnet til, seier musikarane til Faktafyk.
VERDIEN AV AKKS
Det gjekk ikkje lang tid frå ideen om eit band var sådd, til kvartetten var i gong med å lage songar.
– Vi skreiv eigne låtar før vi kunne spele ordentleg. Vi la på instrument, fann på ting undervegs og jobba oss oppover derifrå.
– I starten øvde vi mykje saman og hjelpte kvarandre. Men vi har jo skjønt at det er lurt å øve ein del kvar for oss også, fortel dei.
For band i startgropa er det viktig at ein har tilgang til utstyr og ein stad å øve. From Scratch er tydeleg på kva for betyding AKKS – ein frivillig musikkorganisasjon som jobbar for at det skal vere kjønnsbalanse og likestilling i norsk musikkliv – hadde for dei.
– AKKS var viktige for oss. Dei har hjelpt oss mykje frå dag ein med øvingslokale, kurs og spelejobbar. Dei har verkeleg vore gode støttespelarar, er dei fire medlemmane einige om.
ETTERLYSER BETRE KONSERTSCENER
Samstundes som From Scratch skryter av AKKS, er dei klare på at musikkscena her heime må bli betre.
– Det er dessverre ikkje så mange scener i Noreg. Det gjer det vanskeleg for unge og nye artistar å få spele konsertar og vise seg fram. Mange gir kanskje opp, fordi dei trur det er umogleg å få ein sjanse til å spele. Dette må det gjerast noko med.
Men sjølv om konsertplassane er få, er det er mange gode norske band.
– Det er mykje bra musikk i Noreg. Til dømes Juno, Pom Poko, Hudkreft, Snærk og Tøfl. Vi er òg stor fan av Brenn. Kult at dei har fått så stor suksess. Og Girl In Red! Det er bra at musikk innafor ikkje heilt typiske sjangrar får meir merksemd, seier bandet og kjem med følgjande oppfordring til ungdom som drøymar om å spele i band:
– Berre prøv det! Det skader ingen. Og ikkje ver redd for å dumme dokker ut. Hugs at det skal vere morosamt!
DRØYMTE OM ØYA
From Scratch har så langt gjeve ut ein EP og fleire singlar. Høgdepunktet i karriæra til no er utan tvil konserten på Øyafestivalen i hovudstaden i 2019.
– Det var veldig gøy å få spele konsert på Øya. Det var alltid ein drøym vi hadde. Fleire av oss har jobba frivillig på festivalen i mange år, så det var ekstra stas å faktisk kunne opptre der med så mange flinke og inspirerande artistar, seier dei.
Men det har vore fleire minnerike augeblikk å sjå tilbake på for dei unge Oslomusikarane:
– Det var hyggeleg å få vere med på by:Larm (musikk- og bransjefestival i Oslo, red.merk.). Vi fekk god respons frå publikum på konsertane våre, så det var kult. Og det var ein stor ære å få varme opp for Dreamwife på Café Mono i Oslo. Dei har vore, og er framleis, ein stor inspirasjon for oss. Elles var Trænafestivalen heilt fantastisk med fin natur og masse hyggelege folk.
Som band likar dei både konsert- og studioformatet.
– Å spele live er alltid gøy, fordi då har vi eit fysisk publikum. Det er ein fin måte å dele spelegleda vår på. Når vi er i studio, får vi fokusert meir på det musikalske uttrykket. Begge delar er viktige for oss som band, seier dei.
MEISTRINGSFØLELSE AV Å SPELE SAMAN
Songane lagar dei i lag, og det er mykje forskjelleg som inspirerer dei til å skrive musikk.
– Ein av oss skriv tekst og lagar melodi, så legg vi på instrumenter. Vi formar songane som band og er ganske så samkøyrde. Tekstane er som oftast henta ut frå vanskelege periodar eller hendingar som har betydd ekstra mykje, fortel dei, og:
– Vi blir inspirert av filmar og preferansar frå populærkultur, men også litteratur vi oppdagar via studiane. Band som har vore viktige for oss, er ei fin blanding av Arctic Monkeys, Wolf Alice, Mitski, Radiohead, Kate Bush og Dreamwife.
Det å finne flyten i ein song og oppleve at noko magisk oppstår, er for musikarane i From Scratch ikkje så lett å sette ord på. Men:
– Vi får ei meistringskjensle av å jobbe hardt saman mot eit mål og til slutt kunne lage eit ferdig produkt, seier dei.
SAKNAR KONSERTAR
Koronapandemien har ført til at band og artistar ikkje har fått spele så mange konsertar som dei ønskjer. Også for From Scratch har det siste året vore utfordrande.
– Det er ganske annleis og rart. Vi saknar å kunne spele konsertar og å gå på andre sine konsertar.
Likevel finn dei lyspunkt i tilværa:
– Vi har fått masse tid til å starte på nye songar og utvikle dei vi allereie har laga. Dessutan var vi så heldige å få spele på ei livesending frå Kulturkyrkja Jakob i Oslo i samband med «Brakkesyke» (strøymekonsertar på internett som oppstod under korona, red. merk.).
Medlemmane meiner òg at sosiale medium har ein viktig funksjon for å halde interessa for bandet oppe.
– Vi har prøvd å vere så aktive som mogleg, men vi kunne garantert ha vore enda betre. Det er viktig for oss å vise kven vi er, og korleis vi er saman som band.
– Heldigvis er vi så heldige å få samarbeide med unge, flinke fotografar, slik at vi får fine bilete vi kan leggje ut, legg dei til.
– Til slutt: Viss dokker fekk lov til å sette saman ein eiga festival, kva slags band og artistar ville dokker hatt på plakaten?
– Er det lov å seie oss sjølve? From Scratch, The Beatles, Kate Bush, Susanne Sundfør, Karpe og sist, men ikkje minst: Hildegard von Bingen.
BONUS:
Fakta om From Scratch og medlemmane:
Band frå Oslo. Etablert i 2015.
Medlemmar: Hedda Rungstad (trommer), Susanna Sørensen (gitar og vokal), Alma Lyngstad (bass og vokal) og Ada Rummelhoff (piano og keyboard).
Utgjevingar: EP: Maybe We Should Go to Therapy (2017). Singlar: Type (2018), Undressing (2018), Real Horrorshow (2018), Waste My Youth (2019) og The Plague (2020).
Sosiale medier: Instagram: bandfromscratch. Facebook: From-Scratch
Namn: Hedda Rungstad.
Yrke/utdanning: Studerer Music Business på Fagskolen Kristiania.
Instrument: Trommer.
Band/artist eg likar: Fiona Apple.
Album eg likar: Swimmer av Tennis.
Song eg likar: Undercover av Susanne Sundfør.
Film/tv-serie eg likar: Amerikanske The Office.
Bok eg likar: Halvbroren av Lars Saabye Christensen.
Den beste konserten eg har vore på: Razika sin siste konsert på Øya. Trist, rart og fantastisk!
Namn: Susanna Sørensen.
Yrke/utdanning: Studerer idéhistorie på Blindern i Oslo.
Instrument: Gitar og vokal.
Band/artist eg likar: Mitski.
Album eg likar: I´m Not Your Man av Marika Hackman.
Song eg likar: Wuthering Heights av Kate Bush.
Film/tv-serie eg likar: 2001: En romodyssé og Dark.
Bok eg likar: Til meg selv av Marcus Aurelius.
Den beste konserten eg har vore på: Wolf Alice på John Dee i Oslo.
Namn: Alma Lyngstad.
Yrke/utdanning: Studerer fysikk på Universitetet i Oslo.
Instrument: Bass og vokal.
Band/artist eg likar: Kate Bush.
Album eg likar: Hounds of Love av Kate Bush.
Song eg likar: Rome av Susanne Sundfør.
Film/tv-serie eg likar: Nytt på Nytt.
Bok eg likar: Harry Potter-serien.
Den beste konserten eg har vore på: Tom Odell på Sentrum scene i Oslo.
Namn: Ada Rummelhoff.
Yrke/utdanning: Studerer idéhistorie på Blindern i Oslo.
Instrument: Piano og keyboard.
Band/artist eg likar: Angel Olsen.
Album eg likar: Ram av Paul McCartney.
Song eg likar: Pianokonsert i G-dur av Ravel.
Film/TV-serie eg likar: Normal People.
Bok eg likar: Twilight-serien.
Den beste konserten eg har vore på: Weyes Blood på Parkteatret i Oslo.