
Kva skal ein velje?
Mange lurer på kva for utdanning dei skal velje, og kva dei ønskjer å jobbe med. Vi har snakka med ulike personar om deira utdannings- og yrkesval.
Spørsmåla vi stilte, var:
- Kva ville du bli da du gjekk på ungdomsskolen?
- Kva for høgare utdanning valde du?
- Kva vart du, eller kva jobbar du med i dag?
- Kva er den raraste jobben du har hatt?
- Kva ville du gjort annleis i dag?
- Kva er ditt råd til ungdom som lurer på kva dei skal velje?
Namn: Torbjørn Røe Isaksen
Alder: 36 år
1 Journalist.
2 Statsvitskap.
3 Eg blei statsvitar og er i dag folkevald og statsråd.
4 Eg fekk ein femmar for å klø mor mi på ryggen ein gong.
5 Eg ville ikkje slutta med matematikk etter 1. klasse, som ein kunne den gongen.
6 Vel med både hjartet og hovudet. Hugs at Noreg treng fagarbeidarar, lærarar og barnehagelærarar.
Namn: William O´Rourke
Alder: 60 år
1 Eg drøymde om å bli drapsetterforskar.
2 Eg valde å studere psykologi.
3 Eg blei terapeut og jobba lenge frivillig med å gi råd til unge menneske. Samtidig var eg salssjef i eit stort bygningsfirma i Florida i USA. I dag jobbar eg som kokk på ein italiensk restaurant i Oslo.
4 Det var litt rart, men også verdifullt å jobbe med lærarar i Sør-Afrika for å stoppe bruken av fysisk avstraffing av elevar.
5 Eg ville brukt bakgrunnen min frå psykologi og ønsket mitt om å bli drapsetterforskar til å jobbe med utvikling av menneskeprofilar i FBI.
6 Gjennomsnittspersonen skiftar jobb minst seks gonger i løpet av livet. Mitt råd til ungdom er derfor å vere tilpassingsdyktig og skaffe seg kunnskap om korleis dei kan skape endringar gjennom arbeidskarrieren sin.
Namn: Lise Klaveness
Alder: 33 år
1 Eg ville bli advokat.
2 Eg valde å studere juss.
3 Eg jobbar som advokat.
4 Eg var protokollførar i tingsretten i Umeå da eg spelte fotball der i sesongen 2006–07. Jobben innebar å notere alt som blei sagt under rettssakene, og var spennande fordi eg fekk sjansen til å følgje rettssaker tett før eg var ferdig utdanna. Men det viste seg at det ikkje er nokon automatikk i å kunne skrive svensk sjølv om ein forstår språket. Eg bala frykteleg med rettskrivinga og hadde heller ingen touchmetode, men hamra laus på tastaturet med ein og ein finger. Ved to anledningar måtte dommaren be meg om å skrive litt stillare.
5 Eg er veldig fornøgd med valet av utdanning. Eg har alltid vilja bli advokat. Det var aldri noko alternativ for meg å studere i utlandet, ettersom eg spelte fotball under studia, men i eit anna liv ville eg ha tatt eit år eller to i eit anna land som utvekslingsstudent.
6 Ikkje berre vurder om studia er spennande, men også kva slags jobb du kan få, og om desse jobbane passar eller ikkje passar til den typen du er. Eg syntest jusstudia var ganske kjedelege, men elskar jobben. I dag er eg veldig glad for at eg ikkje mista målet av syne, nemleg at eg studerte for å kunne bli advokat ein dag.
Namn: Atle Simonsen
Alder: 25 år
1 Eg ville bli skodespelar.
2 Studiespesialiserande og deretter Økonomi og administrasjon på universitetet.
3 Eg er formann i Framstegspartiets Ungdom.
4 Eg har hatt jobb sidan eg var 13 år. Da begynte eg med å selje VG på søndagar. Eg har vore seljar og lagergut og har jobba på bensinstasjon, men nokon rare jobbar har eg aldri hatt. Eg meiner at ingen jobbar er for rare. Det er så viktig å få seg ein jobb for å lære så tidleg som råd korleis det er å ha ansvar, lære rutinar og ha det gøy. I tillegg er det jo kjekt å ha litt ekstra pengar på konto.
5 Studert meir i utlandet. Eg gjekk på High School i California i USA og skulle ønskje eg fekk gått på universitet der også. Å gå på skole i utlandet er eit av dei beste vala eg har tatt, og det har gitt meg opplevingar eg aldri gløymer.
6 Vurder seriøst å lære eit yrkesfag. Anten du vil studere ved universitet seinare i livet eller vil rett i jobb. Veldig mange som ikkje er sikre på kva dei vil, får råd om å velje studiespesialiserande. Det synest eg er ein dårleg idé. Noreg treng yrkesfolk, og ei utdanning i yrkesfag vil gi deg viktig kompetanse og ein trygg jobb. Du har alltid sjansen til å studere vidare om du finn ut at du vil det.
Namn: Viktor Inge Paulsen
Alder: 22 år
1 Eg ville bli musikar og forfattar.
2 Eg held framleis på med utdanning, men vegane som freistar, er språkforsking, spesialpedagogikk, psykologi og politikk.
3 Eg er representant på Sametinget og heiltidsstudent.
4 Ein gong hadde eg samtidig ei 50 prosent stilling som sekretærvikar og ei 50 prosent stilling som vaktmeistervikar på eit lulesamisk senter. Det gav meg nokre vidt forskjellige arbeidsdagar.
5 Dersom eg hadde motivasjon til vidare skolegang rett etter grunnskolen, så ville eg gjort det eg kunne for å få generell studiekompetanse så tidleg som råd.
6 Mange seier at livet er kort, men det er ikkje heilt sant i alle tilfelle. Du har god tid til å omskolere deg, få ei ny utdanning, om du finn ut at du angrar på dei vala du har gjort. Når du skal velje, så slapp av og lytt til ditt indre. Kjenn etter kva du har aller mest lyst til, og våg å satse på dine inste draumar. Det er betre å angre på noko du har gjort, enn å angre på noko du ikkje torde å gjere.
Namn: Kristin Folsland Olsen
Alder: 33 år
1 Eg hadde ikkje noko spesielt yrkesmål, men eg kunne tenke meg å jobbe med dyr. Kanskje med løver i Afrika eller med delfinar. Eg kunne også tenke meg å jobbe med frukt, eg drøymde om å ete så mykje eksotiske frukter eg berre ville!
2 Eg har ikkje fullført noka høgare utdanning, men har tatt eit år her og der. Eg har gått på friluftslivslinja på Lofoten Folkehøgskole, idrett grunnfag på Høgskulen i Sogndal, foto på NISS, førebuande på universitetet i Tromsø, folkehøgskole i Sverige, guidekurs på Svalbard.
3 I dag jobbar eg som skribent, fotograf og foredragshaldar. Eg tar bilde og lagar reportasjar og bøker om for eksempel fjellturar, skikøyring, klatring, surfing og mykje anna gøy.
4 Den raraste jobben eg har hatt, var nok hos eit røyrleggarfirma på Svalbard. Eg rydda på lageret og isolerte røyr i Longyearbyen. Og så hadde eg sånne kule arbeidsklede som ordentlege røyrleggarar går med. Det var stas!
5 Eg ville våga å satse på foto i tidlegare alder. Gjort et realt forsøk på å komme inn på dei fotoskolane eg ville.
6 Ta eit år på folkehøgskole!
Namn: Kristin Skogen Lund
Alder: 48 år
1 Eg ville bli professor.
2 Eg har ein MBA frå INSEAD og ein bachelor i International Studies and Business Administration frå University of Oregon.
3 I dag er eg administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO. Før det har eg hatt leiarstillingar i Telenor, Aftenposten, Scanpix Scandinavia, Scandinavia Online, Unilever og Coca-Cola og vore eksportstipendiat ved ambassaden i Madrid.
4 Eg veit ikkje om det er den raraste, men ein eg var ganske ueigna til: keramikklærarvikar på ein ungdomsskole. Det enda med at leirklumpen min sklei av dreieskiva så alle elevane blei spruta fulle av våt leire.
5 Når eg ser tilbake på studietida, tenker eg meir på det eg gjorde riktig. Eg valde å dra til utlandet og utfordre meg sjølv i miljø der eg ikkje kjende nokon, og der ingen kjende meg. I ettertid ser eg at eg lærte mykje – ikkje minst om meg sjølv – ved å starte med blanke ark og utan forventningar frå omgivnadene rundt meg. Om noko skulle vore annleis, ville eg nok heller sjå på tida etter studia – der eg i ettertid synest eg kunne spart meg sjølv for tvil og uvisse om eg tidlegare hadde blitt klar over kva som var mine sterke sider og mine fortrinn, og spelt på dei.
6 Mange synest val av karriere eller utdanning er vanskeleg, og er kanskje redde for å velje feil. Slik hadde eg det også mot slutten av studietida, da eg begynte å tenke på kva eg ville jobbe med. Eg var redd for å velje feil og dermed låse meg til ein jobb og ei retning som ikkje var meg. Dersom nokon kjenner seg igjen i det, har eg to gode nyheiter: For det første låser du deg ikkje til eitt val. Om du begynner å gå i ei retning som viser seg å vere feil, så er det mogleg å velje ei anna. For det andre er det desidert viktigaste å begynne ein stad. Med erfaring vil du lære meir om deg sjølv, kva som er dine sterke sider, og kva du liker. Denne sjølvinnsikta vil etter kvart dra deg i riktig retning.
Namn: Sylvia Post
Alder: 39 år
1 Eg var veldig usikker på kva eg ville bli, men eg hugsar at eg tenkte mykje på både psykolog, advokat og bioingeniør.
2 Eg valde å gå vidare på allmennfag, slik at eg hadde eit breitt utgangspunkt for å kunne velje vidare utdanning. Dei fleste vennene mine valde også allmennfag, og eg trur nok at dette i og for seg også var viktig for mitt val. Etter dette flytta eg til Oslo og starta på Handelshøyskolen BI, og fullførte her eigedomsmeklarstudiet.
3 I dag er eg meklar og dagleg leiar hos Krogsveen på Grünerløkka i Oslo og trivst veldig godt med det.
4 Eg har vel ikkje hatt så mange rare jobbar, men eg sa ja til dei fleste jobbane eg kunne få, i ungdomstida. I Nord-Noreg var det nemleg rift om dei sommarjobbane som var tilgjengelege. Eg jobba ein sommar i «miljøpatruljen», eit prosjekt gjennom kommunen eg budde i. Da fekk eg i oppgåve å aktivisere eldre på ein sjukeheim. Det var veldig hyggeleg. Dette var eit prøveprosjekt basert på lite lønn og mykje frivillig arbeid, så lønna var berre på kr 19,- pr. time. Likevel var dette ei god erfaring å ta med seg.
5 Eg ville studert i alle fall eitt år i utlandet. Å vere dyktig i eit framandspråk trur eg berre blir viktigare og viktigare i tida framover.
6 Bruk tid på å setje deg inn i forskjellige yrke og finn ut kva dei verkeleg inneber. Gjer deg nytte av kunnskap som familie og kjende har, og besøk dei gjerne på jobb. Det er også lurt å ta seg sommarjobbar for i størst mogleg grad å finne ut kva ein liker, og kva ein kunne tenke seg å bli seinare.
Namn: Kamil Jerzyk
Alder: 29 år
1 Eg ønskte å bli dataspeldesignar, landskapsarkitekt eller arkitekt.
2 Eg valde å studere landskapsarkitektur.
3 Eg jobbar i dag som landskapsarkitekt i eit firma som heiter Landskaperiet.
4 Eg har vore bartender i nattklubb, men har ikkje hatt «rare» jobbar.
5 Ingenting. Eg er veldig fornøgd med livet mitt.
6 Mitt råd til ungdom er at dei ikkje må vere redde for å gjere feil, men at dei alltid må tenke seg om før dei gjer dei to gonger.
Namn: Louis Dickson Bellefine
Alder: 49
1 Eg var veldig usikker på kva eg ville bli, men eg hadde mest lyst til å jobbe med menneske. Det å kunne hjelpe til på ein eller annan måte gav meg mykje. Eg tenkte også på å jobbe med data, men det var ikkje så mykje tilbod på den tida.
2 Eg var litt lei av skolen etter vidaregåande og begynte å jobbe som servitør. Eg var interessert i mat, sidan både mor og far jobba som kokk. Ein lærar på ungdomsskolen anbefalte meg å gå i den retninga, og eg treivst med å servere og gjere gjestene glade. Eit fagbrev var i sikte, men da måtte eg jobbe i fire år for å kunne gå opp som privatist. Det blei til at eg jobba som servitør i åtte år utan å få fagbrevet. Eg hadde ein dårleg dag på den praktiske delen av eksamen og strauk. Rett etter dette møtte eg min betre halvdel, og jobben som servitør på kvelden fungerte dårleg, ettersom ho jobba på dagen. Da begynte eg å ta ei teknisk utdanning, fullførte og fekk jobb før eg blei ferdig.
3 I dag jobbar eg i eit IT-firma som heiter Steria. Eg har jobba innanfor IT-bransjen i 19 år.
4 Eg hadde ein sommarjobb der eg var hjelpegut på ein sjukeheim. Her fekk eg mange rare oppgåver, blant anna å sy og prate med dei gamle. Eg lærte mykje om å halde orden og om teljekantar.
5 Eigentleg ingenting. Eg hadde god tid til å prøve fleire yrke. Det å ha jobba innanfor fleire felt blir berre meir og meir vanleg.
6 Er du i tvil, så følg magekjensla. Prøv deg fram. Du får uansett med deg mykje erfaring på vegen. Sjølv dei som er sikre på kva dei skal bli, kan endre meining på vegen.
Namn: Jørgen Løvdal
Alder: 31 år
1 På den tida hadde eg mest lyst til å bli lege.
2 Eg valde til slutt masterstudiet i rettsvitskap (juss) ved Universitetet i Oslo.
3 Eg er advokat og jobbar med mykje forskjellig innanfor mitt felt. For det meste jobbar eg som forsvarar i straffesaker, og har elles saker innanfor blant anna barnevernsrett og utlendingsrett.
4 Den raraste jobben eg har hatt, må vere som stuntreporter for sommarradiosendingane til lokalradioen. Og ikkje minst jobben som «kabeldragar» for NRK.
5 Dersom eg skulle gjort nokon endringar i utdanningsløpet, måtte det vere at eg skulle ha tatt større delar av utdanninga i utlandet.
6 Eg trur det er lurt å ta seg god tid til å tenke på kva ein eigentleg har lyst til å bli, før ein begynner på eit studium. Snakk gjerne med både studentar og ferdigutdanna innanfor feltet du er interessert i, og få svar på det du lurer på.
Namn: Sumeet Singh
Alder: 30 år
1 Eg har vakse opp med to foreldre som var sjølvstendig næringsdrivande. Eg hang mykje i butikken deira. Så på den tida trur eg at eg såg fram til å gjere noko for meg sjølv – berre betre enn mamma og pappa.
2 Eg valde å bli siviløkonom og har ein MsC i Business and Economics.
3 No er eg Senior Advisor i Telenor Group.
4 Det må vere da eg jobba på ei kro som far dreiv. Da gjorde eg alt, frå å lage mat, servere og vaske til å stå i baren. Det einaste som var kjipt med å ha meg i baren, var at eg nekta å servere alkohol, sidan eg ikkje drikk sjølv. Ergo var det ganske meiningslaust å ha meg i baren. Eg måtte rope på hjelp kvar gong nokon skulle ha ein øl. Som var ganske ofte.
5 Eg hadde tatt større delar av studiet mitt i utlandet. Det gir mykje tilbake utover faget.
6 Trur det er viktig å bruke god tid til å tenke på kva ein er dyktig til, og kva ein trivst med. Dette går gjerne hand i hand. Avgjerdene ein tar etter ungdomsskolen, har faktisk mykje å seie for livet framover.
Navn: Tor Henrik Sveen
Alder: 30 år
1 Husker ikke. Båtkaptein. Kaptein på ferge.
2 Bygg og anlegg.
3 Tømrer i Mo i Rana.
4 Jeg kjørte isbilen for Diplom-Is. Og så har jeg solgt aviser, Dagbladet og VG fra dør til dør. Klipte plener for kommunen en sommer, det var en litt rar jobb.
5 Ja, jeg ville heller gått elektrofag. Da ville jeg fått høyere lønn og komme meg ut på oljeplattform. Det virker som utenlandsk arbeidskraft tar over her i yrket mitt.
6 Nei. Jeg vet ikke. Man må jo bestemme seg for om man vil sitte på et kontor eller om man er av den praktiske typen.
Navn: Marit Aspaas
Alder: 31 år
1 Mener å huske at jeg skiftet mening om det ganske ofte, men husker at jeg lenge tenkte på å bli enten politi eller advokat.
2 Jeg tok først bachelor i statsvitenskap, og deretter gikk jeg på journalisthøgskolen. Så jobbet jeg et par år før jeg tok mastergrad i statsvitenskap.
3 Jeg har nettopp begynt som aspirant i Utenriksdepartementet. Aspirantordningen er et et treårig trainee-program med sikte på fast jobb i utenrikstjenesten. Før det har jeg jobbet i mer enn fem år sammenlagt som kommunikasjonsrådgiver for ulike organisasjoner.
4 Min første jobb var å være judotrener for barn i alderen 7-12 år da jeg selv var 16 år. Det var utfordrende, morsomt og lærerikt – og veldig annerledes enn alle jobber jeg har hatt siden den gang.
5 Jeg ville tatt en større del av utdannelsen i utlandet. Jeg tok to år av videregående i utlandet og et utvekslingssemester i løpet av bachelorgraden, men skulle gjerne ha tatt enda mer av utdannelsen i utlandet for å lære meg flere språk.
6 Finn ut hva du er interessert i og liker å holde på med – og sats på det. Dersom man ønsker å jobbe innenfor politikk eller internasjonale spørsmål kan det være lurt å engasjere seg frivillig i en organisasjon som jobber innenfor feltet man er interessert i. Da lærer man masse, og man får erfaring og nettverk som er viktig for fremtidige jobbmuligheter.
Navn: Iselin Jørgensen
Alder: 33 år
1 Det varierte litt fra uke til uke. Det som gikk igjen var: psykolog, journalist, lærer og jordmor
2 Allmennfag, utviklingsstudier og muntlig fortelling på høgskole og teologi på universitet
3 Som prest i Den norske kirke. Akkurat nå jobber jeg ikke i en menighet, men har spesielt fokus på religionsdialog og samarbeid med muslimer, buddhister, humanetikere og andre.
4 En sommer vasket jeg biler på Kristiansand e-verk. Ingen rar jobb, men det var virkelig ikke min sterkeste side.
5 Jeg ville nok studert mer i utlandet. Jeg var kun ett semester ute, i Libanon. Ellers er jeg veldig fornøyd med utdanningsvalgene jeg har tatt.
6 Ta et steg av gangen og gjør det du syns er interressant. Finn gjerne en utdannelse som gir deg flere ben å stå på og gir deg mulighet til ulike typer jobber gjennom livet. Teologi er en slik utdannelse.
Bonusspor
På Nye meninger kan du lese en kronikk av Kristin Granne med tittelen: Hva skal jeg bli som voksen?
Les kronikken her.