
Livet etter døden
RETT FØR FARMOR DØYDDE, HADDE HO GITT MEG EI STOR SJOKOLADEPLATE. EG TRUR DET VAR EIN MELKESJOKOLADE, UTAN AT EG KAN HUGSE DET HUNDRE PROSENT SIKKERT. EG HUGSAR DERIMOT KJENSLA AV Å SITTE DER MED SJOKOLADEN ETTER AT FARMOR VAR DØD. FØRST BESTEMTE EG MEG FOR Å SPARE HAN, SOM EIT MINNE. ETTER KVART INNSÅG EG AT SJOKOLADEN NEPPE KUNNE VARE EVIG. IKKJE KLARTE EG Å STÅ IMOT FREISTINGA LENGER HELLER: EG ÅT SJOKOLADEN, MEN KJENTE MEG SKAMFULL ETTERPÅ. EG HADDE ETE DET SISTE MINNET ETTER FARMOR.
I dag kan eg smile litt av denne problemstillinga, som var alvorleg nok for ein liten gut. Derimot er det ei kjensgjerning at folk døyr. Og nesten alltid blir det ståande att ein heil del saker etter dei, av smått og stort.
Nokre av dei er fysiske. Kanskje har du sjølv opplevd å måtte rydde i tinga etter ein familiemedlem som har døydd? Slik er det for Eli Anne i den nye romanen min, Kjære søster. Då søstera Amalie brått blir riven bort i ei trafikkulykke, står alle tinga hennar att etter henne. Gitaren hennar, smykka hennar, kleda hennar. Det blir Eli Anne som må hjelpe mor si med å gå igjennom alt saman.
I våre dagar er det dessutan ikkje berre fysiske ting som står att etter dei som døyr. Fleire og fleire lèt etter seg digitale fotspor i form av Facebook-profilar, Instagram-kontoar og anna. Det er blitt meir og meir vanleg at Facebook- profilen «lever» vidare når eit menneske døyr. I nokre tilfelle ønskjer familien at profilen skal leggast ned, slik tilfellet er for Eli Annes foreldre i Kjære søster. Andre gonger blir han ståande oppe i årevis etter at personen er lagd i grava. På Facebook veggen kan dei etterlatne, både familie og vener, gi uttrykk for sorg og sakn. I mange tilfelle er innlegga skrivne i du-form til den avdøde. Veggen lever vidare som ei minnebok, men også som ei slags digital livsforlenging.
Dei seinaste fire åra har eg opplevd at tre venninner med Facebook-profil har gått bort. To av profilane er oppe enno, mens ein er lagd ned. Dei nærmaste pårørande reagerer ulikt. Vi kan ikkje seie at det eine er rett og det andre er feil. Dei nærmaste må sjølve finne ut kva som kjennest best for dei.
Eit dystert faktum er dette: Det blir fleire og fleire døde på sosiale medium. Og kanskje går det an å seie at det å legge ned Facebook-profilen er blitt vår nye endelege overgangsrite, der den fysiske gravferda til alle tider har hatt denne funksjonen. I så fall er den digitale gravferda i dag den siste overgangsriten i samfunnet vårt. Då snakkar vi om ganske svære spørsmål.
Mange av bøkene mine handlar om døden. Eg har skrive tre bøker om ung sorg, og dei kan lesast som ein slags trilogi: Mor og far i himmelen, om ei jente som mistar foreldra sine og rettar fortvilinga og spørsmåla sine til Gud, Mitt bankande hjarte, om ei jente som blir alvorleg sjuk og må få nytt hjarte for å overleve, og Kjære søster, om ei jente som har mista søstera si og strevar med å finne fotfeste i kvardagen.
Tre bøker om døden. Om store eksistensielle spørsmål.
Eg har prøvd å unngå dei store faktene, men stille desse spørsmåla så tett innpå livet som mogleg. For Eli Annes del betyr dette at ho tenker attende på livet med søstera, på alle kvardagane, på teite, artige og triste situasjonar. Og på alt som i utgangspunktet var småting, som gjer så vondt no etter at Amalie er død. Ho held fast i si eiga sorg, samtidig som ho kjempar for å komme ut av henne.
Eli Anne tyr til musikken, og til bokstavane og orda, for å klore seg fast i tilværet. Livet hennar er i oppløysing etter at søstera Amalie døyr, før ho klamrar seg til eit løfte om å skrive til Amalie på Facebook-veggen hennar kvar einaste dag. Historia er fortald gjennom mange små tekstbitar, samtidig som romanen har ei tydeleg oppbygging: Kjære søster er truleg den første romanen i Noreg som består hundre prosent av Facebook- innlegg.
Mange av oss har opplevd å miste nokon som stod oss nær. Nokon vi var glade i. Personar som spreidde glede. Tre venninner av meg er som sagt gått bort dei siste fire åra. I tillegg døydde ein forfattarkollega av meg for ikkje lenge sidan. Det er ei brutal påminning om at vi ikkje kan ta kvardagen for gitt. At det sjølvsagde ikkje alltid er sjølvsagt. At døden framleis er ein snyltar på livet.
Når eit menneske døyr i vår tid, er som regel Facebook-veggen noko av det som står att. Det kan også vere andre ting, ikkje minst usagde og uoppgjorde saker. Det var mykje Eli Anne og Amalie aldri fekk snakka om. Så mykje som blei ståande usagt. Og skjønnlitteraturen er alltid interessert i det usagde. I dei små nyansane og detaljane som plutseleg veks seg store, tolka i eit heilt anna lys.
Vi som er unge, tenker kanskje ikkje så ofte på døden. På eitt vis har ungdomskulturen noko udødeleg over seg. Men vi veit så godt at det ikkje stemmer. Heldigvis skjer det ikkje så ofte, men også ungdommar i Noreg døyr. Det er ikkje noko vi skal gå og tenke på og grave oss ned i. Men vi kan bli endå flinkare til å glede oss over det livet vi har, og bruke talenta våre til beste for oss sjølve og andre menneske.
Kjære søster er ei forteljing som rommar mykje sorg – men også glede, livskraft og håp. Det er dessutan ein roman om musikk. Eli Anne er eit talent på klassisk piano. Amalie elska Patti Smith. Ikkje berre fordi forfattaren – altså eg – og Patti Smith har bursdag på same dag: 30. desember. Mest fordi Patti Smith er eit førebilete for alle som elskar poesi og rock. For alle som elskar musikk og litteratur.
Sjølv har eg opplevd å sørgje over ulike former for tap – tap av kjærleik, tap av tru, tap av menneske som stod meg nær. Sorga er aldri den same, men det finst noko som er likt. Ein kjenner seg vridd opp innvendig. Eller fullstendig tom.
Av og til er også sorga knytt til skam. Hendinga eg nemnde frå barndommen, er av det meir uskuldige slaget. Men kanskje har du opplevd å bli att åleine med noko du ikkje fekk gjort opp. Kanskje var det berre dei siste stygge tinga som blei sagde før tragedien skjedde, eller ein feil som aldri blei retta opp.
Både musikken og litteraturen kan hjelpe oss å komme vidare i ein slik sorgprosess. Mange finn hjelp i å lytte til artistar som har vore gjennom noko av det same, eller lese bøker som kan hjelpe oss å arbeide med kjenslene våre.
For meg har det dessutan vore til hjelp å skrive – både bøker og musikk. Eg begynte å skrive Kjære søster etter at ei venninne av meg gjekk bort. Det året eg møtte veggen og ikkje eingong klarte å skrive, orka eg ikkje noko anna enn å spele gitar. Då var det gitarspelinga som til slutt hjelpte meg tilbake til kvardagen.
Det kan vere lurt å jobbe med problema sine i ei kreativ form. Men det er også lurt å snakke om kjenslene sine, anten med familie, gode vener eller ein fagperson. Ingen skal behøve å leve med skuld- eller skamkjensler resten av livet, eller stagnere fullstendig i sorg.
Sorg er ein naturleg del av livet. Men livet er for viktig til at sorga skal ta all plass.
Les eit utdrag frå Kjære Søster her.
Boktips frå forfattaren:
Tone Kjærnli: Den mørke siden av månen
Se på meg nå. Og så falt du. Du falt. Du falt. I det ene øyeblikket var du der. Og så var du der ikke lenger.
Kim har nettopp mistet bestekameraten i en ulykke. Han var der da det skjedde, og ingen rundt ham kan skjønne hvordan det var – eller hvordan det er. Men det er så mye vi ikke vet og så mye ikke Kim vet heller. Ting som kommer opp underveis og som gjør livet både vanskeligere og enklere.
Aasne Linnestå: Mamma er et annet sted
Sommerferien går mot slutten, og ingenting er som før for Tale. Mamma er død. Begravelsen nærmer seg, men midt i sorgen og savnet dukker Espen opp.
«Mamma er et annet sted» er en sterk historie om savn og forsoning fra en av våre fremste forfattere. Dette er Aasne Linnestås første ungdomsroman.
Bjørn Sortland: Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?
Dette er enda ein sterk, vakker og gripande ungdomsroman av Bjørn Sortland. Den handlar om 18-årige Markus som møter den fem år eldre Ingrid. Markus blir bergteken av henne frå første stund. Han gjer alt som står i hans makt for å bli kjæresten hennar.
Det fantastiske er at han lykkast. Det grusomme er at ho skal døy.
Boktips frå redaksjonen:
Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
Mor og far i himmelen er ei unik bok; poetisk, velkomponert, klok, dristig og varm. Ei dramatisk bok som våger å stille store spørsmål, med utgangspunkt i eit djupt alvorleg emne: eit barn som mister begge foreldra sine i ei bilulukke. Boka er utforma som ei bøn. Ei bøn frå ei ung jente til Bibelens Gud. Det er ei bok om ei stor sorg, men også om tru: på englar, på evig liv, på den kristne Gud. Og det er ei bok om religiøs undring og tvil hjå eit barn: Korleis kan Gud la så fæle ting skje?
Mitt bankande hjerte handler om Amanda som er snart fjorten år og forelska. David er den kjekkaste guten på skulen. Korleis skal ho kapre hjartet hans?
Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.
Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer.