Mannemenneske

Bak i hotell-lobbyen sit Adrian (17). Han kjem rett frå skulen, er ein tilbakelent fyr som tar livet som det kjem, og som ikkje sit med bestemte draumar, verken om framtida eller om damer.
_________________________________
«Eg kjenner meg tryggare når eg snakkar med gutekompisar enn med venninner. Eg føler at det er større fare for å bli dømt eller hengt ut når eg snakkar med jenter.»

_________________________________

Eg er nok ingen ekspert på jenter, men eg vil seie eg veit det grunnleggande om kva eg skal gjere og ikkje gjere rundt dei. For eksempel ikkje spørje om dei har mensen viss dei er i litt rart humør og sånn. Det er visst irriterande, har eg høyrt. Elles føler eg vel generelt at jenter taklar livet betre enn gutar. Det har kanskje med slikt å gjere som at dei er flinkare på skulen, men samtidig klarar å ha eit sosialt liv. Eg tenker at dei er meir strukturerte og har orden på saker og ting, i motsetning til for eksempel meg, der det som skjer, berre skjer. Eg er fornøgd som mann, men det er liksom ikkje sånn at eg føler eg vann eit lotteri ved å bli det, heller. Det er vel fordelar med begge kjønn? Lovmessig er det likestilling, det er jo ingen rettar som er spesielt for menn, og det er ingen rettar som er spesielt for kvinner. Så den kjønns-ubalansen vi har, meiner eg berre er sosial, det har ikkje med staten å gjere. Staten kan eigentleg ikkje gjere noko for å fikse dei problema, det er ikkje der problema ligg.

Det er ikkje slik at regjeringa kan endre på at det er biologiske forskjellar. I psykologien på skulen har vi hatt ein del om kva som gjer at kjønnsforskjellar oppstår. Eg er nok større tilhengar av det med at biologien spelar inn enn den sosialkonstruerte ideen. Det er ganske tydeleg at gutar er meir interesserte i matematikk og mekaniske leiker, mens jenter er opptatte av omsorg og sånn. Vi hadde ein observasjonsdag i ein barne hage tidlegare i år, og det var heilt påfallande kor kjønnsdelt det var, altså. Gutane leika med ball, jentene leika med dokker. Og då eg spurde om kva som var yndlingsfargen, så var det alltid blå for gutar og rosa for jenter. Men akkurat det med fargar har nok kanskje ikkje så mykje med biologi å gjere, då. Uansett, det er jo heilt greitt at det er forskjellar. Eg føler meg ikkje pressa til å like ting eg ikkje har interesse for, men det kan jo vere eg blir påverka utanfrå sjølvsagt.

Eg trur folk kan avgjere sjølve korleis dei vil leve liva sine, staten kan ikkje bestemme over meiningane. Eller, det er jo bra med pappaperm, men eg hadde eigentleg ikkje blitt sur om dei hadde fjerna det heller. Det er jo på ein måte å tvinge kvinnene til å jobbe og mennene til å vere heime. Det er dumt viss det er økonomiske kjønnsforskjellar, men eg føler ikkje at det er så stort problem. Vi hadde ein debatt i klassen, og då var det ei på feministsida som sa at menn og kvinner ikkje var lovleg likestilt, at det var noko i loven som gagna berre menn. Men det stemmer jo ikkje. Eg la inn eit ironisk innlegg, liksom at eg var for fleirkoneri. Eg høyrde ein muslim seie det ein gong, at du kan ha ein mann med fleire koner, fordi det vil alltid vere klart kven som er faren, mens viss du har ei dame som har fleire menn, så kan dei ikkje vite kven som var pappaen! Men det var no berre sånn tullete sagt, då. Eg kallar meg ikkje feminist, men eg kallar meg ikkje menninist heller. Eg er berre ikkje så opptatt av det.

Det er jo definitivt jentene som gjer det best på skulen. Den einaste linja som har fleire gutar enn jenter, er science-linja. Men på dei mest prestisjetunge linjene er det klar overvekt av jenter. Eg trur dei får høgare karakterar i alt utanom gym. Kanskje fordi dei prioriterer skulearbeid litt meir enn gutane? Det er litt vanskeleg å seie, eg har ikkje tenkt veldig mykje på det. Dei klarar seg liksom berre betre, sånn er det berre! Eg vil jo heller ha det kjekt sosialt enn fagleg, men sånn må vel dei ha det òg. Det må vere noko med det å kombinere som dei har meir teken på. Eg gjorde det heilt gjennomsnittleg på ungdomsskulen, men no tar eg det litt meir alvorleg. Eg veit ikkje heilt kva eg skal etterpå, men eg trur ikkje eg treng nokon rådgivar for å fortelje meg det. Eg finn nok ut av det.

Eg har ikkje veldig konkrete mål i livet, men eg vil gjere det OK, eller OK pluss, då! Eg vil ha det bra, få meg ein bra bil, viss vi framleis brukar sånne i framtida! Først tenker eg at eg vil ta militæret, viss eg kjem inn. Vi har ikkje vore på sesjon enno, men eg trur det skal gå bra, eg er i ganske grei form. Eg har høyrt at det er bra å ta eit friår før ein begynner på universitetet. Då er det enten å jobbe, gå folkehøgskule eller ta militæret, og eg vil helst det siste. Det å bli kjent med nye folk, kanskje litt nærare relasjonar, sidan ein er tett på og så å få betalt samtidig – det trur eg blir bra.

Eg merkar at vennskap endrar seg når ein blir eldre. Dei eg hang med på barneskulen og ungdomsskulen, har eg ikkje så mykje kontakt med lenger, men dei eg har kjent lengst, kjennest likevel meir lojale på ein måte, sikkert fordi vi har opplevd meir saman. Men no går vi på forskjellige skular, og måten å henge saman på no er liksom annleis, vaksnare, om du vil. Vi spring ikkje ute og leikar, liksom. Det blir mykje snakk, prating om alt muleg. Eg er ikkje interessert i fotball, men kompisane snakkar stort sett om det heile tida. Elles så snakkar vi om damer, om det er nokon som har noko relevant å ta opp, då. Det kan vi snakke om i timevis! Ganske stereotypisk gutesnakk, tenker eg. Vi kan slenge drit til kvarandre, men det går begge vegar, så det er ikkje sånn at vi blir såra.

Eg kjenner meg tryggare når eg snakkar med gutekompisar enn med venninner. Eg føler at det er større fare for å bli dømt eller hengt ut når eg snakkar med jenter, at det er fleire ting som er tabu å ta opp med jentene. Eg sendte ein kompis melding om at eg hadde vondt i tissen, ein snap, men ikkje med bilde altså, og då fekk eg tilbake bilde av han og ei jente. Då tenkte eg «æsj, har ho sett det også?» Først blei eg litt stressa, så tenkte eg at det er jo ikkje så farleg, heller. Men eg kjenner absolutt at eg er meir komfortabel med å diskutere sånne ting med han enn med henne. Eg føler eg kan seie det meste eg har på hjartet til kompisane, men som oftast har eg ikkje behov for trøyst. Sjølv om eg kjenner meg nær vennene mine, så er det ikkje sånn eg at grin framfor dei. Sånt føler eg at eg taklar sjølv, men det gjer ingenting om dei grin til meg. Ein kompis kom til meg for ei stund sidan og var veldig ærleg om kor stressa han var, endå vi berre hadde kjent kvarandre sidan skuleåret starta. Slikt er eg glad vi kan vere opne om.

Og så har vi begynt å feste litt, det lausnar jo ein del på praten, merkar eg! Eg slappar liksom meir av. Men eg trur ikkje eg har vore skikkeleg full meir enn ein eller to gonger, så det er ikkje sånn at vi er så veldig festete. Eg pleier av og til ta litt drikke i skapet til foreldra mine, altså ikkje sånn at eg fyller på med vatn i staden, såpass respekt har eg. Men dei veit nok om at det forsvinn litt, heilt dumme er dei jo ikkje! Som oftast sit vi berre heime hos ein av oss, ikkje noko sånn festing med damer eller bråk. Det har i det heile tatt ikkje vore så mykje damegreier på meg enno. Men det tar eg med ro, altså. Eg har berre vore forelska i to stykk i mitt liv, og det var på barneskulen. Altså, eg likar jo damer, men eg blir liksom ikkje besett av dei.

Eg trur eg er ganske avslappa på det der. Eg tar det som det kjem. Eg er ikkje eigentleg sjenert, men eg trur nokre ser på meg som det. Men å snakke med jenter er heilt naturleg, føler eg, eg blir ikkje nervøs av det. Eg har berre ikkje treft noka draumedame enno. Eg likar dei som er litt sånn gledesspreiarar, som er positive og som eg blir glad av å vere med. Ja, og så må ho like meg tilbake, sjølvsagt. Sånn utsjånadsmessig vil eg jo gjerne seie at eg ikkje har noko krav, men det er jo ikkje heilt rett, då. Eg må innrømme at eg likar dei litt tynnare. Eller ikkje tynne, men sunne, er kanskje betre. Eg likar at dei er opptatt av trening og helse og å halde seg i form. Men det ville eg ikkje sagt høgt, eg har ikkje lyst å verke fordømmande. Eg trur nok mange har det same synet som meg på dette, men at dei held meiningane for seg sjølve for å ikkje verke sexistiske eller sånn. Og så er det jo ikkje svart/kvitt – eg kan heilt ærleg seie at det er mykje viktigare med personlegheit enn det fysiske.

Eg har ei god venninne som dei andre er overbeviste om at eigentleg er dama mi, men det er liksom ikkje det siste spesielle mellom oss som gjer at det blir noko meir. Eg er ikkje heilt sikker på om ho tenker likt, men sånn er det no i alle fall. Vi reiste på hyttetur, berre eg og ho, og då delte vi rom, og til og med seng. Sjølv om det var ganske nære, så hadde vi ikkje sex. Det gjorde ikkje noko, det var liksom ikkje som ein draum som skulle gå i oppfylling eller noko sånt. Eg trur ikkje eg hadde gitt ho falske
forhåpningar, men eg er ikkje heilt sikker. Eg er ikkje så veldig opptatt av sex liksom. Eg har kanskje sett porno to gonger, det er berre ikkje så interessant. Om eg vil få utløysing, så tenker eg på ting. Eg treng ikkje masturbere, men berre liksom halde handa der nede og så sjå for meg noko. Men det er ikkje kvar dag, det er det ikkje.

Det er eit av samtaletemaae i kompisgjengen, då. Han eine snakkar om masturbering heile tida, men eg trur han gjer det mest for å vere morsom. Han er skikkeleg sjølvironisk og tar ikkje seg sjølv høgtideleg om sånt som størrelsen på penisen sin og sånn. Det var sjølvsagt han som lagde liste over kven i klassen som hadde stor og liten! Altså han berre sa ut frå garderoben, i slapp tilstand, ikkje nøyaktig centimeter og diameter, då. Det var litt ubehageleg, men eg er eigentleg komfortabel med korleis eg er utstyrt fysisk, eg skammar meg ikkje over det. Eg tenker vel at dei fleste er ganske gjennomsnittlege, og så er dei kanskje litt fornøgde dei som er over og litt lei seg dei som er under? Eg samanliknar meg uansett ikkje med dei andre lenger, det var eg ferdig med etter ungdomsskulen. Eg trur det er best om eg heller fokuserer på meg sjølv.

BOKTIPS 

Respekt.-Sexbok-for-gutter_productimage Inti Chavez Perez

Dette er boken alle tenåringforeldre vil at sønnen deres skal lese. Og som unge gutter selv ønsker å lese, selv om de kanskje ikke sier det rett ut. Den handler om å flørte, kysse og date. Og den handler om hva som er greit å vite før man har sex.

Og ikke minst er dette en bok om gutterollen. Om hvordan man kan vite hva som er ja- og nei-signaler, om alle de små nyansene i et samspill, om å være hetero, homo eller bi og om hvorfor respekt får kjærlighet og sex til å fungere bedre.

Som en omsorgsfull og samtidig kul storebror beskriver Inti Chavez Perez hele prosessen fra det første øyeblikkets spenning til å være sammen i lengre tid. Forfatteren har jobbet som seksualrådgiver i flere år, og boken er basert på samtaler om sex og kjærlighet med hundrevis av gutter.

100 hiOriginal_Omslagsforside_100_historier_om_gutterstorier om gutter
Ben Brooks

Quinton Winter (Illustratør)
Oversatt av Rune R. Moen
Cappelen Damm

Du kan få til mye hvis du tør å tro på deg selv. 100 sanne historier om gutter som har forandret verden. Les om gutter og menn som har turt å tenke selv, vært oppfinnsomme og fått til fantastiske ting – alle slags helter fra hele verden. Noen har utrettet store ting, andre små: Flere har hjulpet andre, vært gode forbilder eller overvunnet seg selv. Andre har kjempet seg ut av fattigdom, tenkt smarte tanker, eller rett og slett ikke brydd seg om hva andre har tenkt om dem. Alle mennesker kan få sin store eller lille suksesshistorie. Alle kan finne ut hvem de er og finne noe de liker å gjøre. Hva passer best for deg?

Jenteloven_Fotokreditering-Gyldendal

Jenteloven
Sofie Frøysaa og Ulrikke Falch
Gyldendal

«Vi vet alt om å bli forskjellsbehandlet bare fordi vi er jenter. Vi har ikke tall på hvor mange ganger folk har tatt seg friheten til å fortelle hvordan vi skal oppføre oss – som jenter. Da vi var tenåringer, fikk Ulrikke gjentatte ganger høre at hun var for mye, at hun var for stor og sterk. Sofie ble fortalt at hun var for ordentlig, for tynn og forsiktig. Vi satt begge igjen med følelsen av at vi ikke var slik vi burde være. Etter hvert ønsket vi bare å være usynlige.»

Sofie Frøysaa og Ulrikke Falch har skrevet boka de selv hadde trengt da de var 16 år og usikre på seg selv. I Jenteloven deler de raust av personlige erfaringer fra sine egne liv, blant annet opplevelser med spiseforstyrrelser og depresjon. Målet deres er å bygge et jentefellesskap som slår hardt ned på urettferdighet og trakassering, og gi unge jenter redskaper for å kunne takle vanskelige situasjoner. Boka er inkluderende og humoristisk, men også nådeløs, krass og kompromissløs.

Jenteloven er en hardtslående survival guide til ungdomstiden med mål om å øke bevisstheten til unge jenter om trakassering og diskriminerende oppførsel i hverdagen – og viser hvordan den kan håndteres.