
OL-håp: Aleine i boben
DET ER BERRE LITT OVER EITT ÅR SIDAN KRISTIAN OLSEN (17) KØYRDE BOB FOR FØRSTE GONG. NO SATSAR HAN PÅ GULL UNDER UNGDOMS-OL PÅ LILLEHAMMER I FEBRUAR.
Han spelte eigentleg handball og køyrde cross-sykkel. Men då kompisen Sander Agard-Michelsen i november 2014 skulle køyre toarbob på Lillehammer og trong ein bremsar, tok Kristian utfordringa. Det skulle vise seg at han hadde eit sjeldan talent for denne idrettsgreina.
– Eg var utroleg nervøs. Sander og eg stoppa halvvegs i bakken og tenkte at dette tør vi ikkje. Vi heldt på å trekkje oss, men etter den første turen ville vi berre køyre igjen. Det blei ti turar til saman den dagen, seier Kristian til Faktafyk.
KØYRER FOR GULL
Neste dag bytte vennene plass, og Kristian fekk lov til å styre boben. Og sjølv om han fekk kjeft for å ha hamna sidelengs i første kurva, var det nokre rutinerte herrar frå Torshov Bob-team i Oslo som noterte seg den uredde innstillinga og dei tekniske ferdigheitene til ungguten.
– Vi såg med ein gong at Kristian var eit talent utanom det vanlege. Han var hurtig i starten, hadde god køyreteknikk og gjorde mange riktige linjeval, seier Roar Blomstad i Torshov Bob-team.
– I tillegg er han veltrena, treningsvillig og flink til å ta raske avgjersler, legg han til.
Blomstad og Torshov Bob-team tok Kristian under sine venger og begynte å leggje ein strategi fram mot Ungdoms- OL på Lillehammer. Her skal han køyre monobob, ein type bob der utøvaren både dyttar, styrer og bremsar. Monobob skal arrangerast på Lillehammer for første gong i OL-historia. Ventetida er snart over, og Kristian har sett seg store mål.
– Så langt har eg to sjetteplassar og ein tredjeplass frå konkurransar i monobob. Ambisjonen under OL på Lillehammer er å ta gull. Eg føler at eg er godt i rute, seier Kristian.
STARTEN ER VIKTIGAST
For å nå målet sitt har Kristian lagt ned mange treningstimar. Broren er hans personlege trenar og har hatt kontroll på styrketrening og kosthald. I samarbeid med Marcel Da Cruz ved treningssenteret Magnat i Oslo har han terpa på hurtigheit og kraft, mens Torshov Bob-team har sørgt for treningsturar og konkurransar i inn- og utland.
– Eg har flinke folk rundt meg som legg forholda til rette. Fram mot OL har eg køyrt i Austerrike og Tyskland, og i januar får eg trena i bobbana på Lillehammer. Det vil forhåpentlegvis gi meg nokre fordelar under konkurransen at eg kjenner bana godt, seier OL-håpet.
– Eg har også gjennomført over 400 startar på startbana ved Olympiatoppen på Sogn. Starten har alt å seie i bob. Det er også styrken min, det å vere eksplosiv, legg han til.
Då Faktafyk møtte den unge utøvaren hausten 2015, var han også tydeleg på at han hadde eit forbetringspotensial.
– Eg må bli endå betre i starten og få meir kraft i fråsparket. Dessutan må eg bli raskare på sporval undervegs.
Om ein dryg månad står 17-åringen frå Siggerud klar til å køyre ned Lillehammer Olympiske Bob- og Akebane. Kva han føler når han sit aleine i boben i over 120 km/t, er vanskeleg å forklare. Redd er han i alle fall ikkje.
– Eg veit ikkje kva eg tenkjer på når eg køyrer. Det er viktig å halde konsentrasjonen oppe, og du kan berre stole på deg sjølv. Men det å køyre bob gir meg eit adrenalinkick. Det er fart, og det er trykk. Eg føler meg trygg, sjølv om det har skjedd ulykker og til og med dødsfall i bob. Mamma er stort sett livredd når eg skal i aksjon, seier han.
Under leikane på Lillehammer skal Kristian konkurrere mot cirka 30 utøvarar frå forskjellige land. Noreg er ikkje blant dei største bob-nasjonane.
– Som idrett er ikkje bob særleg stort i Noreg. Vi ligg langt etter mange andre når det gjeld satsing og anlegg, seier han og trekkjer fram Russland som ein av dei beste i klassen.
Men ingen utøvarar vil ha fordelar av utstyr når konkurransen begynner under OL.
– Arrangøren stiller med standardiserte monobobar, og du trekkjer kva for ein bob du får. Alt skal vere likt for alle, så det er berre ferdigheitene dine som avgjer kva slags plassering du oppnår, seier Kristian.
Førebels kan monobob berre køyrast fram til ein fyller 18 år. Dermed er Kristian kort tid etter OL på Lillehammer for gammal til å køyre vidare. Han veit heller ikkje om han kjem til å satse på toar- eller firarbob.
– Utdanning kjem først, seier han og legg til at han fekk tilbod om å gå på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) på Lillehammer, noko som ville sikra han betre treningsfasilitetar:
– Men eg vil bli røyrleggjar og valde heller røyrleggjarlinja på Vestby videregående skole.
NB! Den 20. februar 2016 kan du sjå Kristian i aksjon under OL.
Les hvordan det gikk med Kristian under OL på Lillehammer her.
FAKTA OM MONOBOB:
• Lengd 2,80 meter, vekt 165 kg.
• Blir køyrd av éin person, som dyttar, styrer og bremsar.
• Kan komme opp i ein fart på over 120 km/t.
• I konkurranse blir det køyrt to omgangar, og utøvaren med lågast gjennomsnittstid vinn.
• Blir arrangert for første gong i OL under Ungdoms-OL på Lillehammer.
Kristian Olsen tilhøyrar Torshov Bob-team. Dei har fleire videoar og informasjon på si heimeside her.
Vil du køyre bob?
Lillehammer er einaste byen i heile Skandinavia som har bob-bane, og bana er den einaste kunstfrosne i Nord-Europa. Her kan du til høves køyre bobraft, ein gummibob på is som kjem opp i 100 km/t! Det er ein morosam måte å prøve sporten på. Meir informasjon her.