Sjamaner, stormar og satans store heksehær

 

Ho skaper seg om til ein kobbe. Skinnet mørknar, ho glir gjennom sjøen. Ein kald dag som blenkjer i Ishavet, skarpt blått, kvite brenningar.

Ho glir inntil skipssida og seier trolldomsorda mot det vassglatte treet. – Prætum, pratum, nestrum, nostrum, kviskrar ho, som er ein kobbe, som er ei kvinne, med glatt skinn under kalde bølgjer. Straks blæs det opp ein sterk vind frå aust. Bølgjene reiser seg og styrtar innover strendene. Skipet byrjar krenge, det knirkar i skroget, vatnet skummar mot baugen. Ho lyttar til dei dumpe ropa frå mannskapet langt der oppe over bølgjene, smett så vidt over skorpa med snuten og ser hendene deira knipe hardt om ripe og master. Sjøspruten står kring dei, stemmene er desperate på vinden, eit stormkast riv med seg huene frå hovuda. Skipet løftar seg og fell, løftar seg, fell, dønningar høge som åsar. Ho opnar munnen og støyter fram kobbelatteren. Hjartet er varmt av glede. Ho har Sadum i hjartet.

Frå romanen Inn i elden

Heks_m_flammer

Utdraget ovanfor er henta frå ungdomsromanen Inn i elden, som eg gav ut i 2012. I boka møter vi to unge jenter, Elen og Dorothe, som lever på byrjinga av 1600-talet i Finnmark. Her har heksebåla flamma opp for fullt etter at ein ny mann har kome til makta. Elen er dotter av ei «klok kone» i Kiberg som hjelper folk med urtemedisin og kvit magi, medan danske Dorothe er blitt gifta vekk til den nye futen i Aust-Finnmark og må flytte frå København til Vardø. Hans jobb er å jakte på hekser og utrydde trolldommen i nord.

I boka ser vi det som skjer, gjennom auga til dei to jentene, og etter kvart møtest dei: eit møte som skal få alvorlege konsekvensar for livet til dei begge. Vil ei av dei hamne på heksebålet?

Eg har vore interessert i hekseprosessane sidan eg var tenåring, og har hatt mange spørsmål til desse hendingane. Korleis kunne dei tru at hekser fanst? Korleis kunne så mange uskyldige bli brende på bålet? Korfor var så mange av dei kvinner?

Lat oss sjå om vi finn nokre svar.

HEKSA
Ei heks er eit menneske som utøver trolldom. I Noreg blei heksene kalla trollfolk, trollmenn og trollkvinner, fram til slutten av 1600-talet. Men sidan ordet heks er mest kjent, bruker vi det i denne artikkelen.

Ein hekseprosess er ei rettssak mot ein trollmann eller ei trollkvinne – altså heks – der vedkomande blir skulda for å ha utført trolldom for å skade andre, eller for å ha inngått ei pakt med djevelen og blitt ein del av hans heksehær.

Hekseprosessane gjekk føre seg frå 1400-talet og fram til omkring 1700 mange stader i Europa. Men prosessane var aller verst, flest og mest intense i perioden 1580–1630. Dei aller fleste stader tok hekseforfølginga slutt innan år 1700, men i nokre land fortsette den endå lenger.

I Europa var det truleg litt i overkant av 100 000 menneske som blei skulda for trolldom, medan 40 000 blei drepne. I nokre land blei dei hengde, men i dei fleste land blei dei brende på bålet.

I Noreg var hekseprosessane relativt sjeldne, men vi veit om rundt 800 menneske som blei dømde for trolldom. Om lag 300 av desse blei avretta, andre fekk bøter eller blei landsforviste. Dei aller fleste som blei skulda for hekseri, var kvinner, og dei fleste som blei avretta, blei brende på bål.

Her til lands gjekk det aller verst føre seg i Finnmark. Nesten 1/3 av alle avrettingane på grunn av trolldom i Noreg skjedde i Finnmark. Også her var dei aller fleste kvinner, og dei aller fleste blei brende på bål. Levande.

PORTEN TIL HELVETE
For fire hundre år sidan var det vida kjent at porten til helvete låg i nord, og at trolldom kunne flyge med nordavinden. Og kva låg i nord? Jau, der låg Finnmark, eller Vardøhus, som det heitte på den tida.

Ein del av dei som blei dømde for trolldom i Finnmark på 1600-talet, var samiske menn, sannsynlegvis sjamanar, som banka på runebomme og joika. Sjamanane kunne spå framtida, dei kunne gå inn i transe – noko øvrigheita kalla «djevlesøvn» – og finne ut kva som gjekk føre seg langt vekke. Dei kunne også gande: kaste trolldom og sjukdom over folk og fe.

Den første ordren den dansk-norske kong Kristian 4. sende ut i 1609, var nettopp om å utrydde den samiske trollskapen og avlive dei samiske trollfolka «utan nåde».

Myndigheitene var redde for at djevelen var i ferd med å samle seg ein heksehær for å ta over makta og spreie vondskapen sin på jorda. I 1617 kom den dansk-norske trolldomslova, med ordre om at trollskapen skulle utryddast i riket. Gjennom størstedelen av 1600-talet var dei aller fleste som blei skulda og avretta for trolldom i Finnmark, vanlege norske kystkvinner som øvrigheita meinte hadde inngått ei pakt med djevelen. 80 % av alle som blei skulda for trolldom i Finnmark, var kvinner, slik det også var i størstedelen av Europa.

Nokre var unge, andre eldre, nokre var gifte, andre ugifte, nokre innflyttarar, andre innfødde. Nokre var fattige, nokre relativt velståande. Nokre av dei eldre kvinnene kunne ha hatt hekserykte på seg i årevis før noko skjedde. Andre var offer for misunning frå naboane. Nokre var kanskje særleg sterke og fritalande. Andre blei namngitte under tortur.

I Finnmark er det ingen klare mønster for kven som blei skulda for å vere hekser, det kunne skje med kven som helst. Det kunne vore eg eller du, særleg viss du er ei jente.

Ein trudde at kvinner var ekstra utsette for djevelens overtalingskunst. At kvinner var lette å leie og svake i trua og hadde ein hang til det vonde. Og at kvinner hadde eit «bestialsk begjær» som djevelen kunne utnytte.

Heksetrua var noko som fanst hos både øvrigheita, dei lærde og vanlege folk. Læra om trolldom – demonologien – var ein vitskap som eksisterte side om side med den vanlege overtrua hos folk flest. Og det kom ut bøker som skildra kva slags forferdelege ting heksene gjorde, og korleis ein kunne avsløre dei. Den mest kjende er Malleus maleficarum, eller Heksehammaren, som kom på slutten av 1400-talet.

DJEVLEPAKT OG SVART MAGI
Dersom ei heks blei stilt for retten etter skuldingar frå folk i lokalsamfunnet, var det oftast på grunn av skademagi: at ho (eller han) hadde utført vond og svart magi for å gjere skade anten på folk, dyr eller materielle ting. Denn  typen magi blei kalla maleficium, men slike skuldingar hadde vanskeleg for å vinne fram i retten.

Ofte gjaldt det skade på andre sine husdyr, avlingar eller anna levegrunnlag. At ei heks hadde kasta trolldom over ei ku slik at ho fekk sur mjølk i juret eller knakk ryggen, er døme på slike skuldingar. Det kunne også vere kjærleiksmagi: at ei kvinne hadde tatt mannen frå ei anna.

Dersom skuldingane kom frå øvrigheita, frå eliten som styrte i området, var det ofte skuldingar om djevlepakt som låg i botnen: at heksa hadde inngått ei pakt med djevelen, forsverja Gud og blitt ein del av djevelens heksehær, som skulle spreie hans vondskap og makt på jorda.

Denne typen trolldom blei kalla diabolisme. I desse tilfella hadde heksa assistanse av ein demon og gjekk til åtak på sjølve samfunnet, til dømes gjennom vêrmagi, ved å skape storm, få skip til å forlise og få store verdiar og menneskeliv til å gå tapt i bølgjene.

Hekser som hadde inngått pakt med djevelen, blei kalla for «rette trollfolk» og var dei aller farlegaste. Djevlekunstane til heksene var ofte mynta på myndigheitspersonar og framståande menn i fiskeværa, slik som handelsmenn frå Bergen, som hadde mykje makt i lokalsamfunnet og gav befolkninga vanskelege kår.

Omskaping var også vanleg: at ei heks tok hamen til eit dyr, til ein kobbe, ein hund eller kanskje ein fugl, som kunne flyge av garde i løynd for å utøve trolldom og treffe andre hekser til sabbat på fjellet Lyderhorn utanfor Bergen eller på Domen eller Baldvolden i Vardø.

Det fanst også god eller kvit magi, såkalla legetrolldom eller vernetrolldom. Den blei kalla signeri og var tillaten til slutten av 1500-talet, men deretter kunne slike som dreiv med kvit magi – kloke folk eller «heksedokterar» – også bli skulda for å vere hekser. For korleis kunne ein vite at magien dei utøvde, verkeleg var god og ikkje vond?

DOMINOEFFEKTEN
Når mange hekser blei stilte for retten i løpet av eit kort tidsrom, blir det kalla ein kjedeprosess. Ein kjedeprosess var som ein dominoeffekt. Éi kvinne blei skulda for å drive med trolldom, ho blei tatt inn til avhøyr og tvinga – kanskje også torturert – til å namngi andre hekser. Kanskje sa ho namna til dei første ho kom på. Neste steg var at dei ho angav, også blei skulda for trolldom, og tvinga til å nemne endå fleire namn. Slik blei prosessen – eller rettssaka – som skulle vere mot éi heks, i staden til mange rettssaker, mot mange hekser – i ei kjede, som eit stygt perleband. Som ei dominobrikke valt den eine heksa og tok med seg dei andre i fallet.

Det var mange slike kjedeprosessar i Finnmark på 1600-talet, og sjølv om tortur eigentleg ikkje var tillate før etter at dommen var fallen i ei sak, brukte dei tortur i Finnmark også under avhøyra. Avhøyr under tortur blei kalla pinlege avhøyr, altså pinefulle eller smertefulle avhøyr. Dei brukte både raudglødande tenger til å knipe og klippe med, etsande svovel på brysta og noko som blei kalla strekkbenken, alt for å få heksene til å tilstå dei vonde gjerningane sine. Dei kunne også rake av heksa alt håret på kroppen og leite etter djevlemerke, ufølsame merke heksa hadde fått av Satan då ho inngjekk djevlepakta. Desse merka kunne ein stikke lange nåler inn i, heilt til beinet, men heksa ville ikkje kjenne det slag. Då var det bevist at ho hadde inngått ei pakt med djevelen. Kanskje var det heilt vanlege fødselsmerke dei fann?

Dersom tortur ikkje hjelpte og heksa framleis stod fast på uskulda si når saka kom opp for retten, fanst det ei siste, avgjerande prøve ein kunne bruke, og det var vassprøva. Heksa blei bunden på hender og føter og kasta ut i vatnet der det var djupt. Dersom ho sokk, var ho uskuldig, men dersom ho flaut, var det bevist ein gong for alle at ho var heks.

Og kva skjedde? Dei fleste flaut! I rettssakene står det at ho flaut som ein stokk, eller som ein dupp. Då var neste og siste stopp bålet.

Den første kjedeprosessen i Finnmark skjedde i 1621 og var mot tolv kvinner. Den andre skjedde i 1652–53 og var mot fjorten kvinner, den neste året etter, 1664–65, mot fem kvinner. Den siste og aller verste av kjedeprosessane skjedde i løpet av nokre månader om vinteren 1662–63 og involverte 31 kvinner, av dei seks småjenter og eit lite barn på under 1 år.

Minst tjue kvinner blei brende i denne siste kjedeprosessen, og fleire ville ha hamna på bålet om ikkje lagmannen – ein høgare dommar – hadde stoppa galskapen. Han frikjende fleire av dei tiltalte, mellom anna ei jente på berre 12 år.

I tillegg til desse kjedeprosessane fanst det enkeltståande prosessar før, mellom og etter desse store kjedene, den første i 1601 og den siste i 1692. Det kan også ha vore fleire som vi ikkje veit om, fordi kjeldene er gått tapt.

Ei av dei vi veit blei brende på bålet i Finnmark, var Marthe Rasmusdatter, som var fødd på Sunnmøre, men gift i Kiberg. Marthe blei angitt av Karen Jonsdatter og tilstod at Sigri på Steinsland hadde gitt henne trolldommen i eit smørbrød, ein gong Marthe var svolten. Ho gav seg frå Gud i himmelen og lova å tene apostelen sin, som heitte Leur, og som alltid var hos henne i hamen til ein hund. Når ho ville utøve magi, måtte ho seie trolldomsorda «Pretum, Pratum, Nestrum, Nostrum». Ein gong skulle ho ri på Leur til Hekkelfjell med Sigri, men ho tolte ikkje å ri så høgt oppe i lufta og datt av på Dovrefjell.

Marthe tilstod at ho hadde forgjort båten til Per Hemmingsen saman med tenestejenta hans Karen Jonsdatter, for å prøve å få båten til å søkke. Ho blei dømd til «ild oc baal» i Kiberg den 2. juni 1654.

Marthe blei heilt sikkert utsett for pinlege avhøyr før ho tilstod at ho var heks, og det same blei nok Karen som namngav henne. Kanskje var dei veninner?

SLUTTEN?
Hekseprosessane tok altså slutt dei fleste stader innan år 1700, og i Finnmark var den siste prosessen i 1692, mot ein eldgammal samisk sjaman, Anders Poulsson, som blei drepen med øks dagen etter rettssaka, då han låg og sov i ein gamme.

Men korfor tok det så brått slutt?
Forskarane gir ingen klare eller eintydige svar. Men vi veit at kritikarane og skeptikarane hadde vore der heile tida. Dei som syntest det gjekk for langt, at det var usannsynleg at det fanst så mange hekser i heilt vanlege bygdesamfunn.

Det var også påfallande at det ofte blei eit oppsving i heksesaker kvar gong ein ny embetsmann kom i posisjon og skulle vise kva han var god for.

Kanskje var det så enkelt som at skepsisen vann fram? At det gjekk for langt, blei for usannsynleg, for vilt? I tillegg endra tida seg, tankegangen endra seg, og vegen gjekk mot eit meir opplyst samfunn, basert på kunnskap og vitskap og ikkje på overtru og dommedagsfrykt.

Vil du lese meir:

Dersom du er interessert i skjønnlitteratur om hekser, har Aina Basso skrive ungdomsromanen Inn i elden, som handlar om nettopp hekseprosessane i Finnmark. I tillegg har Magnhild Bruheim skrive romanen Trolldomskraft, og Bergljot Hobæk Haff har skrive bøkene Heksen og Sigbrits bålferd, for å nemne nokre.

Dersom du heller vil fordjupe deg i faglitteraturen og lese rettssakene mot Finnmarksheksene, mener Aino Basso at dette er noko for deg:

9788202314460Blix Hagen, Rune: Ved porten til helvete. Trolldomsprosessene i Finnmark (2015)

Hekseprosessene i Finnmark på 1600-tallet var en av Europas verste og mest brutale menneskeforfølgelser. Nordområdene var porten til Satans rike og et eneste stort drivhus for hekseri og gudsbespottelse, lød anklagen. Over 90 mennesker ble dømt til døden som trollfolk.

Her er deres historier samlet for første gang. Hekseprosessene var rettssaker der særlig kvinner ble beskyldt, forfulgt og dømt for «djevelske» former for magi. Det særegne ved prosessene i Finnmark lå i omfanget, brutaliteten, innholdet av djevellære i tilståelsene samt det samiske innslaget. Denne historien viser oss i hvilken grad hekseprosessene skiller seg ut i forhold til tilsvarende former for menneskeforfølgelse i Norge og andre europeiske land.

Rune Blix Hagens nettside om den europeiske hekseforfølginga: http://ansatte.uit.no/rune.hagen/hekser.html

0486228029 Kramer, Heinrich og Sprenger, James: Malleus maleficarum (Heksehammaren, først utgitt i 1487)

Heksehammeren har blitt stemplet som en av de mest bloddryppende publikasjoner i hele bokhistorien. Boken er en slags manual som gir retningslinjer for rettsprosedyrer i heksesaker. Det står om fremgangsmåter ved arrestasjon, eksaminering og domsatferd. Med andre ord er denne boken en veiledning om tortur i rettssammenheng.

 

 

resolverLilienskiold, Hans H. (tilrettelagt av Rune Hagen og Per Einar Sparboe): Trolldom og ugudelighet i Finnmark (1998)

Boken inneholder domsavskrifter fra hekseprosessene i Finnmark på 1600-tallet.

 

 

 

 

 

 

874c490b27904c60449cc2bfd347a4c3c66250d801ad09e1b05549f5 Willumsen, Liv Helene: Trollkvinne i nord – i historiske kilder og skjønnlitteratur (1994)

Heksen er et kvinnebilde som har fascinert sinnene i århundrer. I denne boken møter vi heksen eller trollkvinnen slik hun framstår i historiske kilder og skjønnlitteratur tilknyttet Norges nordligste landsdel. Hvem var hun egentlig, trollkvinnen i de nordlige strøk? Denne boken gir ikke et entydig svar på spørsmålet, men åpner for ulike tolkninger og avbildninger av den historiske så vel som den litterære trollkvinneskikkelsen. Gjennom analyse av historisk kildemateriale, hovedsakelig tingbøker, gis et innblikk i skjebnen til trolldomsanklagede kvinner som ble ført for retten i Finnmark på 1600-tallet. I tillegg drøftes heksen som motiv i en rekke skjønnlitterære bøker. Boken inneholder tabeller, lister, trolldomsformularer, kilde- og litteraturhenvisninger.

 

 

 

dc45cb5d7f727c43b68c9694d943760cb91d32db2ec0ada25dd81290Willumsen, Liv Helene: Trolldomsprosessene i Finnmark. Et kildeskrift (2010)

Finnmark på 1600-tallet: I Vardøområdet stilles 135 personer for retten anklaget for å stå i ledtog med djevelen. Av områdets knappe 3000 innbyggere blir til slutt 91 kvinner og menn henrettet. Ikke noe annet sted i Europa opplever et lignende overgrep mot sivilbefolkningen.

Hvilke anklager ble rettet mot disse 135? Hvem tilstod? Og hva var bevisene? I disse dokumentene får vi et grufullt innblikk i datidens rettspraksis, og de viser at troen på, og frykten for, hekserier var sterkt tilstede i alle samfunnslag. Denne boken samler alle rettsdokumentene fra hekseprosessene i Finnmark.

 

 

 

MALLEUS MALEFICARUM

Malleus Maleficarum eller Heksehammaren er ei bok som blei utgitt av dominikanarprestane, inkvisitorane og heksejegerane Heinrich Kramer og James Sprenger i 1487 i Det tysk-romerske riket. Heksehammaren er den mest kjende boka innanfor hekselæra eller demonologien. Boka fortel korleis ein skal avsløre, oppspore, etterforske og rettsforfølgje hekser.

ULIKE TYPAR TROLLDOM

Maleficium eller skadetrolldom var magi med det formålet å skade andre menneske eller eigedommen deira. Når maleficium var retta mot menneske eller dyr, blei det kalla forgjering.

Diabolisme var trolldom der heksa hadde inngått ei pakt med djevelen, forsverja Gud og blitt ein del av djevelens heksehær. Heksa fekk assistanse av ein demon, gjerne i dyreham, og tilbad djevelen på sabbat saman med andre hekser, gjerne forkledde som ulike dyr.

Hekser som hadde inngått pakt med djevelen, blei kalla «rette trollfolk» og var rekna for å vere dei farlegaste av alle.

Signeri, også kalla legetrolldom eller vernetrolldom, var kvit magi, meint for å gjere godt, gjere folk friske eller beskytte mot det vonde. Ein kunne også bruke signeri for å avsløre tjuvar.

Signeri var tillate fram til ca. 1580, men blei deretter forbode på lik linje med svart og vond magi.