Talsmann, Balotelli

På kva måte kan fotball skildre samfunnsutviklinga i Europa? Sakprosaforfattar Peder Samdal meiner spelarar som Mario Balotelli og Mesut Özil kan gi gode svar.

I debutboka si, Mario Balotelli forklarer Europa, skriv Samdal om bakgrunnen til ulike fotballspelarar. Han vil sjå nærmare på samfunna dei kjem frå, og korleis dei har utvikla seg som spelarar og menneske. Slik kan vi kanskje forstå meir av utviklinga på det europeiske kontinentet.

– Ein spelar som Balotelli er i eit slikt perspektiv veldig spennande. Han er fødd i Italia, av foreldre frå Ghana, og har vakse opp i eit land med mykje rasisme og framandfiendtlegheit. Balotelli har sjølvsagt blitt påverka av det, seier Samdal til Faktafyk.

– Han finn også på veldig mykje rart. Sender opp fyrverkeri på badet og inviterer med seg tryllekunstnarar heim. Han høyrer sjeldan på trenarane og gjer stort sett som han vil. Dette gjer han til den perfekte frontfiguren for boka, legg Samdal til.

Det nye Europa

Boka tek opp mange forskjellige tema som alle blir kopla til fotball. Blant anna arbeidsløyse, religion, flyktningkrisa og det fleirkulturelle Europa.

– Ta Arsenal-spelar Mesut Özil, for eksempel, seier Samdal og held fram:

– Han har tyrkiske foreldre, men er fødd i Tyskland. Özil har blitt symbolet på det fleirkulturelle Tyskland. Historia hans kan brukast til å seie noko om identitet og nasjonskjensle. Det er mange som har foreldre frå forskjellige land, og som veks opp i forskjellige kulturar. Det er på mange måtar det nye Europa.

Men det er ikkje berre Özil og Balotelli som er sentrale i boka:

– Eg skriv også om spelarar som Wayne Rooney, Luka Modrić, Zlatan Ibrahimovic og Caroline Graham Hansen. Og om fotballklubbar som Manchester United, Shakhtar Donetsk og Vålerenga.

Røper nytt bokprosjekt

Samdal håper utgivinga vil gi gode leseopplevingar, og at lesarane får eit anna innblikk i fotballverda enn lønnsutbetalingar og feite bilar.

– Eg ville lage ei spennande bok om fotball. Ikkje ei bok om kor mykje Cristiano Ronaldo tener i veka, eller kva slags bilar Paul Pogba køyrer. Fotball er så mykje meir enn det, seier han.

Responsen har vore over all forventning. Lesarane gir gode tilbakemeldingar, og boka er tilgjengeleg i alle folkebibliotek i Noreg.

– Det ligg mykje arbeid bak utgivinga, og det er gøy å sjå at ho blir lesen. No har også Balotelli fått fart på karrieren i Nice, så alle piler peiker oppover, seier Samdal.

Arbeidet med Mario Balotelli forklarer Europa kravde mykje førehandsarbeid. Samdal måtte blant anna lese seg opp på samfunnsforhold i mange europeiske land.

– Eg las masse. Noterte og skaffa meg oversikt. Deretter kopla eg historiene til fotballspelarane til dei ulike temaa, seier Samdal og røper at han allereie er i gang med eit nytt bokprosjekt:

– Eigentleg skal det vere hemmeleg, men eg har lyst til å skrive om dei andre kontinenta. Afrika, Asia, Australia. Nord- og Sør-Amerika. Kanskje Neymar kan forklare verda?

 

Dikta kampreferat

Skriveinteressa til forfattaren begynte for alvor då han gjekk på ungdomsskulen. Ikkje uventa handla det om fotball.

– Då eg var 14 år, spurde eg supporterklubben til favorittlaget mitt, Blackburn Rovers, om dei trong hjelp med å lage medlemsbladet. Eg fekk i oppdrag å skrive kampreferat. Eigentleg ei kjip oppgåve, men eg friska opp jobben med å dikte fritt i referata. Blackburns tap var alltid ufortente i mine referat, seier han.

Etter vidaregåande skule begynte Samdal på skrivelinja ved Åsane Folkehøgskole. Deretter gjekk turen til Skrivekunstakademiet i Bergen, og ein mogleg framtidig skrivekarriere begynte å ta form.

– Alt blei meir seriøst på akademiet. Der møtte eg mange dyktige forfattarar og talentfulle medelevar. Det gav meg lyst til å halde fram med skriving. Sidan då har eg alltid halde på med eit eller anna skriveprosjekt, fortel Samdal og har følgjande tips til skrivelystne ungdommar:

– Lesing og skriving høyrer saman, så det beste tipset eg kan gi, er å lese masse. Det kan også vere lurt å ha ei bok og notere ned idear og setningar i. Dei som verkeleg vil bli gode til å skrive, må gjere det så ofte som mogleg. Det er ikkje nødvendig å skrive så mykje kvar gong, men det er viktig å halde skrivinga i gang heile tida.
I tillegg til å skrive bøker er Samdal redaktør for nettmagasinet og forlaget Olympiastadion. Her finn lesarane andre tekstar om sport enn det som finst i avisspaltene.
– Mange av skribentane våre er forfattarar som skriv dikt og essay om sport. For eksempel haikudikt om den japanske skihopparen Noriaki Kasai, dikt om Tour de France eller forteljingar om fotball. Før kvar norske cupfinale i fotball for herrar gir vi ut Det litterære cupfinaleheftet med nyskrivne tekstar om finalelaga.

 

BONUS:

Les meir om Peder Samdal her.
Samdal driv nettstaden Olympiastadion.no. Les her.

Les meir om Mario Balotelli her.

Boktips:

Mitt liv som I av Kjetil Rekdal fortalt til Olav Østrem

kjetil

 

 

 

 

 

En kamp til av Claus Lundekvam fortalt til Thomas Karlsen

claus

 

 

 

 

 

Min historie av Steven Gerrard

steven

 

 

 

 

 

I skuggan av San Siro av Martin Bengtsson

san

 

 

 

 

 

Mesteren Mourinho av Patrick Barclay

mou

 

 

 

 

 

Det vakre spillet – Engelsk fotballs historie (uten alt det kjedelige) av Thomas Aune og Aleksander Schau

Gyldendal_AuneSchau_DetVakreSpillet_v3

 

 

 

 

 

Brasiliansk fotball 1894-2014 – 120 år med driblinger av Marius Lien

brasil

Josimar er eit tidsskrift om fotball. Les her.

Filmtips:

Sj liste over filmar her og her.

Sjå topp 15 skåringar av Balotelli:

Sjå video om Balotelli: