White Snow
i Hollywood

I siste nummer av Faktafyk kan du lesa om dei tre kameratane frå Stavern som skreiv eit TV-seriemanus om skipolitiet i Aspen, i god, gamal Bayawtch / Pacific Blue-stil.

Jens K. Styve

Dei køyrde i ei gamal stasjonsvogn gjennom Russland og Sibir, oppsette på å levera manuskriptet i handa på ein ekte Hollywood-produsent.

I oktober 2011, ganske nøyaktig to år etter, oppdaga Marius ei overskrift i Dagbladet som fanga interessa, det stod: “Vinn USA-roadtrip for to personer”.

– Det var ein reklamekampanje i samband med lanseringa av filmen Due Date, der ein kunne vinna ein biltur frå Atlanta i aust til Los Angeles i vest.

Due Date er filmen der streite Robert Downey Jr. og plagsame Zack Galifianakis motvillig må halda ut med kvarandre i ein bil gjennom Nord-Amerika. Marius reiv ut annonsen og viste han til dei andre: “Vinneren får en roadtrip gjennom USA”, las han, “inkludert flytur, overnatting, bensinpenger og en VIP-omvisnining i Warner Bros Studios”!

Det var liten tvil om at dette kom som bestilt. Om ein var religiøs, kunne ein kalla det ei gåve send frå himmelen. Ikkje minst sidan konkurransen gjekk ut på å fortelja om “din eigen beste roadtrip”.

– Vi følte oss trygge på at vi kom til å vinna, for ingen hadde vel gjort noko som var dummare enn oss.

TV-manuset White Snow, om skipolitiet i Aspen, Colorado, hadde ikkje forandra seg mykje på to år, men det var lagt til eit par nye scener og nokre replikkar her og der. Det var heller ikkje så mykje som var forandra i livet til dei tre, så alle stod klare til å sleppa det dei hadde i hendene, og gje seg ut på ein ny roadtrip.

Og ganske riktig: dei vann.

– Turen var for to, men mot eit lite mellomlegg fekk vi pressa oss med alle tre. Budsjettet var knapt, som sist, men denne reisa ville jo gå mykje raskare. Dessutan var det meste av faste utgifter dekte av Dagbladet.

Atlanta airport

Leigebilen stod og venta på dei i Atlanta, det einaste problemet var at dei ikkje visste kor.

– Vi hadde gløymt å sjekka kva for eit utleigeselskap det var.

Den som flyg til Atlanta (som faktisk er den travlaste flyplassen i heile Amerika), vil nok fort la seg forbause over kor mange utleigeselskap det finst der. Dei måtte gå frå skranke til skranke, frå kø til kø, og dette tok store delar av dagen. Den planlagde lange førsteetappen blei dermed sterkt korta ned:

– Det einaste vi orka etter å ha funne leigebilen, var å dra til næraste motell.

– Vi fekk for oss at vi måtte ha putta inn noko om jazz i TV-serien, fortel Marius, – men det var kanskje berre eit slags alibi for å stikka innom New Orleans.

I jazzbyen var det uansett svært god stemning, ja, ifølgje Marius var stemninga der så bra at det rett og slett var litt vanskeleg å koma seg vidare derifrå.

– Då vi omsider kom oss på vegen igjen, hadde det gått fleire dagar. Vi sikta mot Texas. Der kom vi over ei golfbane, så vi måtte berre stoppe og golfe litt.

Slik heldt det fram, med meir eller mindre tilfeldige avstikkarar og digresjonar undervegs.

Las Vegas: flickr.com/photos/aigle_dore/

Las Vegas: flickr.com/photos/aigle_dore/

I Colorado fekk dei anledning til å køyre innom skianlegget i Aspen og gjere litt ekte research. Det var sjølvsagt litt seint for det no, men dei fekk prata med nokre politifolk og lufta tanken om eit dedikert skipoliti for dei.

– Aspen-politiet var hyggelege, men kanskje litt avmålte, seier Erlend. – Dei meinte det ikkje ville vera behov for eit reint skipoliti, men eg går ut frå at det er noko dei sa berre for å få ha det området for seg sjølve.

Med alle distraksjonane byrja tida å bli knapp, flyet heim frå Hollywood skulle gå om knappe fem dagar. Før den tid måtte dei innom Las Vegas.

– Dei som har laga Los Angeles, gjorde det veldig snedig, seier Marius, – det er nesten umogleg å koma seg dit utan å stoppa i Vegas.

Økonomien var trong på dette tidspunktet, så dei tenkte det kunne vera ein god idé å vinna litt pengar på hasardspel før neste reisemål.

– Det har vel knapt skjedd at nokon har reist frå Las Vegas med meir pengar enn dei hadde då dei kom, men det var uansett artig å vera der.

Faktisk vann dei ein del i starten på enkle einarma bandittar, «danskebåtautomatar», som dei kallar det. Tre dagar seinare var gevinsten godt og vel brukt opp.

– Serien Baywatch blei spelt inn i Santa Monica, og straks vi såg det på kartet, bestemte vi oss for å stikke innom der.

Det viste seg å ta altfor lang tid, ein heil dag gjekk med til å først å finna fram dit. Ofte køyrde dei seg vill og måtte ty til «taxitrikset», ein metode som gjekk ut på at den eine sette seg i ein taxi og forklarte kor han skulle, og dei to andre følgde etter i leigebilen. Omsider klarte dei også å oppspore det store Hollywood-skiltet, sånn at dei verkeleg kjente at dei var der.

TV-selskapet CBS

TV-selskapet CBS

Først på avreisedagen sto dei på trappa til TV-selskapet CBS med manuskriptet i handa. Sjølve målet for reisa, sjølve målet for heile den sinnssvake Russlands-turen, viste seg å bli eit aldri så lite antiklimaks. Samtalen med den oppblåste dørvakta på CBS gjekk sånn:

– Har de ein avtale?
– Nei.
– Då slepp de ikkje inn.
– Ok.

– I ettertid ser vi at vi kunne gjort ein del ting annleis, ler Erlend. – Litt mindre somling undervegs og kanskje ein avtale med CBS i forkant, men vi har sjølvsagt ikkje gjeve opp håpet for White Snow enno. For 80 dollar fekk vi registrert serien i Writers Guild of America, så no er i alle fall ideen beskytta.

– Kva med VIP-omvisninga på Warner Bros, opna den opp for nokon slags moglegheiter?

– Nei, seier Marius, – den omvisninga var noko som alle folk kan kjøpa seg inn på, om ein betaler rundt 60 dollar. Vi fekk riktig nok pengar til det frå Dagbladet, men forsov oss til heile greia.

Vis kommentarer